Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Russ og smittsam hjernehinnebetennelse

Russefeiring fører til visse helserisikoar, både når det gjeld smittsame sjukdommar, ulykker og alkoholrelaterte risikosituasjonar. Av alvorlege smittsame sjukdommar er det særleg smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokksjukdom) ein bør vere merksam på under russefeiringa. Ved å følgje enkle råd kan ein redusere risikoen for å utvikle meningokokksjukdom.

russefeiring.
russefeiring.
Meningokokksjukdom kan opptre oftare enn normalt når mange ungdommar møtest for å feste. Ein kombinasjon av tett samvere med andre, festing og lite søvn gjer at ungdom kan vere meir mottakelege for smitte med meningokokkbakterien enn elles. Meningokokksmitta kan utvikle seg til alvorleg sjukdom. Drikking av same flaske, kyssing og deling av sigarettar kan auke risikoen for overføring av bakterien.

I 2010 fekk Folkehelseinstituttet meldt ni tilfelle av meningokokksjukdom som kunne relaterast til russfeiringa. Av desse var fem tilfelle hos russ, og fire tilfelle hos ungdom som hadde festa med russen eller gått på same skule som ein smitta russ. Det blei ikkje meldt om dødsfall blant desse tilfella.

Du kan redusere risikoen for å utvikle meningokokksjukdom ved å følgje desse råda:

  • Ta deg tid til å sove ut. Kroppen treng å få kvile, det styrkjer motstandskrafta. 
  • Ikkje rop og skrik så mykje at du blir hes og halsen sår. Dette gjer slimhinnene meir mottakelege for infeksjonar. 
  • Unngå å drikke av same flaske/boks/glas som andre. 
  • Kyss berre kjærasten din. 
  • Ikkje del sigarett med andre. 
  • Unngå for mykje alkohol. Når du er rusa, vil dømmekrafta di bli redusert, og symptom på meningokokksjukdom kan bli forveksla med teikn på for mykje alkohol. 
  • Skaff lege dersom du trur vennene dine kan vere sjuke. Ta ansvar for kvarandre dersom nokon er sjuke og har feber.

Folkehelseinstituttet tilrår ikkje at all ungdom som deltek i russefeiring bør la seg vaksinere. Vaksinen dekkjer ikkje alle typar av meningokokkbakterien, og smitte skjer forholdsvis sjeldant. Viss ungdom ønskjer å vaksinere seg, blir det tilrådd at ein brukar meningokokk A+C+W135+Y-konjugat vaksine.