Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Oppdatering 18. juni:

Importert frossen kake truleg smittekjelde i utbrotet med hepatitt A i Noreg

Det er ikkje lengre mistanke til smitte frå importerte fryste bær i den norske marknaden. Kokerådet knytta til utbrotet er no oppheva. Dei fleste av pasientane i utbrotet med hepatitt A har ete skogsbærkake importert frå Tyskland. Det er isolert hepatitt A virus i prøver frå kaka som er identisk med virusprøvar frå pasientane. Kaka er trekt frå marknaden og det ser ut til at utbrotet er over. Sjølv om årsaka til utbrotet er identifisert kan det fortsatt komme nokre fleire sjukdomstilfelle på grunn av den lange inkubasjonstida og mogeleg sekundærsmitte*).

*) Med sekundærsmitte meiner ein smitte frå ein smitteberar til andre menneske, og ikkje smitte frå matkjelda.

Nitten av dei melde tilfella er smitta med same variant av viruset. Utbrotet i Noreg har truleg samanheng med eit utbrot som har pågått i fleire europeiske land sidan januar 2013. Pasientane er vaksne og busett i ulike deler av landet, dei fleste i Austlandsområdet.

Kake med bær.jpg
Så langt viser intervjua at mange av pasientane har ete skogsbærkake importert frå Tyskland i tida før dei vart sjuke. Slik kake har vore servert på ulike spisestader. Mattilsynet og den norske importøren har på bakgrunn av dette trekt produktet frå marknaden.

- Utbrot av hepatitt A kan skje ved person- til person kontakt eller skuldast smitte frå forureina matvarer, seier seniorrådgjevar Line Vold i avdeling for infeksjonsovervaking i Folkehelseinstituttet.

Matborne utbrot

Smitte med hepatitt A gjennom mat og drikkevatn er sjeldan i Noreg. Det er dei seinare åra registrert fleire matborne utbrot med hepatitt A i Europa, og fleire av desse har vore knytt til importerte fryste bær. Undersøkingar av virus frå pasientar i Noreg viser at utbrotet her til lands mest truleg har samanheng med eit pågåande utbrot med hovudtyngde i Italia. Mistenkt smittekjelde i dette utbrotet har vore fryste importerte bær.

Også i 2013 var Noreg del av eit internasjonalt utbrot med hepatitt A. Dette utbrotet starta i Danmark men omfatta også Sverige, Finland og Noreg. Utbrotet då skuldast importerte fryste jordbær. Hepatitt A er dei seinare åra påvist i ulike typar skjell, isbergsalat og dadlar i tillegg til fryste bær.

Råd til legar

Legar som behandlar personer med symptom på leverbetennelse bør vurdere å ta prøve for hepatitt A. Folkehelseinstituttet ber om at landets legar så snart dei har blitt merksame på positive prøvesvar melder dette til MSIS. Laboratoria som diagnostiserer hepatitt A blir oppfordra til å sende inn prøvemateriale (blod) til Folkehelseinstituttet, Avdeling for virologi, med tanke på typebestemming av virus. Meir informasjon for laboratoria er lagt ut på MikInfo. Diagnostiserande lege bør i samråd med kommunelegen sette i verk smitteverntiltak for nærkontaktar til pasientane.

Råd til publikum

Sjuke personar skil ut virus med avføringa, og kan smitte andre via for eksempel forureina hender eller mat og vatn. Det viktigaste tiltaket for å hindre smitte til andre er god handhygiene etter toalettbesøk og før ein et eller lagar mat. Smitte kan også skje ved oralsex og oral-anal-kontakt, eller gjennom sprøytedeling.

Nærkontaktar til personar med påvist hepatitt A skal få tilbod om immunglobulin og/eller vaksine for å forhindre at dei utviklar sjukdom.

Frysing av bær drep ikkje eventuelle bakteriar, virus og parasittar som kan ha forureina bæra før innfrysing. Mange sjukdomsframkallande mikroorganismar overlever svært godt i frosne produkt. Dette gjeld også hepatitt A.

Å minske risiko

Hepatitt A-virus kan smitte til bæra ved uhygienisk handtering, for eksempel når dei blir hausta eller frå forureina vatningsvatn. Viruset døyr ved varmebehandling, og for å redusere risikoen for smitte bør ein koke importerte frosne bær i eitt minutt før dei blir nytta i rettar som ikkje skal varmebehandlast.

For å minske risiko for smitte frå frukt, bær og grønt, sjå Mattilsynets råd:

Relaterte saker

Eksterne lenker