Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

E-sigarettar – er dei sunne?

Elektroniske sigarettar (e-sigarettar) er forsøkt marknadsført i Noreg, men er blitt forbodne av Helsedirektoratet etter forskrift om forbud mot nye tobakks- og nikotinprodukt og etter tilråding frå Folkehelseinstituttet. Produktet blir i dag selt på nettet som sunn røyk. Folkehelseinstituttet meiner det er villeiande å hevde at det er sunt å røykje e-sigarettar.

COLOURBOX576094.
COLOURBOX576094.
Dei elektroniske sigarettane brenn ikkje, men er baserte på at nikotinampullar i sigaretten blir varma opp og at dampen blir anda inn. Ampullane inneheld nikotin i ulike styrkar slik at ein sjølv kan velje styrke ut frå kor nikotinavhengig ein er. Det blir hevda at e-sigaretten er eit røykjealternativ som har mange fordelar i forhold til tradisjonell røyking. I tillegg blir det hevda at mange som har kjøpt produktet, har klart å slutte å røykje.

Sidan e-sigaretten ikkje forbrenn tobakk, blir det ikkje produsert dei kreftframkallande stoffa (tjærestoff) som blir danna ved slik forbrenning. For dei som brukar e-sigarettar med inhalering av berre nikotin, er risikoen for ei rekkje av dei helseskadane som ein ser ved røyking av tradisjonelle sigarettar, sannsynlegvis redusert.

Det er likevel viktig å vere klar over at eksponering for nikotin i seg sjølv er assosiert med effektar som kan vere helseskadelege. Blant anna må nikotinhaldige preparat brukast med varsemd ved alvorleg hjarte- eller karsjukdom, og i samband med graviditet og amming bør ein unngå alle former for nikotintilførsel. I tillegg vil det vere fare for tilvenning i og med at nikotin gjer at ein blir sterkt avhengig.

Folkehelseinstituttet sa i si tilråding til Helsedirektoratet:

Helseskade 

  • For røykjarar som ikkje er i stand til å slutte å røykje, må man anta at ein fullstendig overgang til e-sigaretten kan føre til noko reduksjon av risiko. 
  • Bruk av berre e-sigarettar vil likevel innebere noko helserisiko for brukaren.

Røykjeavvenning

  • Denne helserisikoen må avvegast mot at vi i dagens situasjon har lovlege nikotinhaldige produkt innanfor røykjeavvenningssegmentet. 
  • Produktet vil svært sannsynleg både gjere at ein framleis blir avhengig av nikotin og særleg åtferdsmønsteret rundt røyking. Ved kombinasjon med røyking av vanlege sigarettar er risikoreduksjonen liten. 
  • Folkehelseinstituttet er derfor betenkt over bruken av e-sigarattene som eit røykjeavvenningsprodukt. Det ligg ikkje føre uavhengige vitenskaplege data som dokumenterer at produktet har effekt som røykjeavvenningsprodukt.

Passiv røyking

  • Ein går ut frå at damp frå e-sigarettar er til vesentleg mindre sjenanse for ikkje-røykjarar som oppheld seg i same rom. 

I Forskrift om forbud mot nye tobakks- og nikotinprodukter § 2 heiter det at det er: "Forbudt å produsere, føre inn i Norge, omsette eller overlate til andre nye former for tobakks- og nikotinholdige produkter. Det samme gjelder tobakks- og nikotinholdige produkter som forutsettes benyttet på andre måter enn de som er vanlige i Norge." Med "nye former" for tobakks- og nikotinhaldige produkt er det i desse forskriftene meint alle produkt som inneheld tobakk eller nikotin, med unntak av dei produkta som tradisjonelt har vore i handelen i Noreg.

Folkehelseinstituttet tilråder ikkje å setje forskriften til sides til fordel for omsetnad av e-sigarettar. Med bakgrunn i gjeldande regelverk gir Helsedirektoratet ikkje importør av elektroniske sigarettar dispensasjon frå forbudet mot nye tobakks- og nikotinprodukt. Det er dermed forbudt å importere og å selje produktet i Noreg.