Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Mange tilfelle av vestnilfeber i store delar av Sør- og Mellom-Europa

Publisert

En slektning av culex-myggen som er bærer av vestnilvirus. Colourbox.com
En slektning av culex-myggen som er bærer av vestnilvirus. Colourbox.com

Det europeiske smittevernsenteret (ECDC) rapporterer om rekordhøge tal for vestnilfeber i mange europeiske land. Sjukdomen blir overført med mygg. Folkehelseinstituttet rår til at reisande vernar seg mot myggstikk når dei drar til område der det er meldt om tilfelle av sjukdomen.


Har du funnet en feil?

Hittil i år er det rapportert 335 tilfelle av vestnilfeber i Europa. Flest tilfelle er melde i Italia (123 tilfelle), Serbia (102 tilfelle), Hellas (59 tilfelle), Romania (23 tilfelle) og Ungarn (23 tilfelle). Hittil i år er det meldt om 17 dødsfall i Europa forårsaka av vestnilfeber. Flest tilfelle er melde frå:

  • den nordlege delen av Italia (inkludert byane Bologna, Modena, Venezia og Verona)
  • den nordlege del av Serbia (inkludert byane Beograd og Novi Sad)
  • sentrale delar av Hellas

Det store talet på rapporterte tilfelle tyder på at det for tida sirkulerer mykje vestnilfebervirus i dei omtala landa.

Vestnilfeber blir spreidd med mygg og kan i sjeldne tilfelle gje alvorleg hjernehinnebetennelse. Trass i at faren for smitte er liten, råder FHI til at dei som er på reise i desse landa førebyggjer myggstikk. Dette inneber å bruke myggnett, kle som dekkjer kroppen og dessutan bruke myggmiddel. I skumringstimane og like før soloppgang er myggen særleg aktiv.

Personar som får symptom på vestnilfeber medan dei er på reise eller  etter at dei har kome heim, bør oppsøkje lege. Symptoma kan vere feber, hovudverk, stiv nakke, generell sjukdomskjensle, slappheit og utslett.  Tida frå smitte til sjukdom (inkubasjonstida) kan vere opptil 2 veker.

Personar som har vore i områda der det er påvist smitte med vestnilvirus, kan ikkje gje blod før minimum 28 dagar etter at dei har reist frå området. Helsedirektoratet har orientert alle blodbankar i Noreg om situasjonen:

  • Oppdatert varsel til blodbankane om vestnilfeber (Helsedirektoratet)

Om Vestnilfeber

Vestnilfeber fanst tidlegare sjeldan i Europa, men dei siste åra har det vore rapportert fleire utbrot i sør- og mellomeuropeiske land. Det er aldri rapportert tilfelle av vestnilfeber hos personar frå Noreg.

Dei fleste som vert smitta med viruset, vert ikkje sjuke, men enkelte kan få ein mild febersjukdom som går over av seg sjølv. Ein sjeldan gong kan smitten føre til meir alvorleg sjukdom med nevrologiske symptom og hjernehinnebetennelse. Det finst førebels ingen vaksine mot vestnilfeber.