Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Oppdatert informasjon om ebola-utbrotet i Kongo

Verdas helseorganisasjon (WHO) og kongolesiske helsemyndigheiter kjemper mot ebolautbrotet i Équateur-provinsen i Den demokratiske republikken Kongo. Her finn du oppdaterte tal og meir informasjon.

CDC, Frederick Murphy
CDC, Frederick Murphy

– Norske helsemyndigheiter frårår ikkje reiser til Den demokratiske republikken Kongo på grunn av ebolautbrotet, men anbefaler generelt at dei som reiser til Kongo unngår unødvendige reiser inn i område der det pågår ebolautbrot, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Oppdaterte tal frå utbrotet

Verdas helseorganisasjon publiserer rapporter frå utbroret i Kongo:

WHO: Ebola virus disease – Democratic Republic of the Congo (Disease outbreak news)

Oppfølging av personar som har opphalde seg i Kongo

Reise til Den demokratiske republikk Kongo er forbunde med svært låg risiko for å bli smitta med ebola.

Personar som har vore i landet utan å ha hatt kontakt med ebolasjuke (eller mistenkte ebolasjuke) treng ingen oppfølging og kan ha vanleg omgjenge med andre når dei kjem heim til Noreg. Det er ikkje nødvendig med blodprøver for å avkrefte smitte hos desse personane. Dersom personen får symptom på ebolasjukdom skal vedkomande ringe lege eller naudetaten på telefon 113.

Personar som har vore i utbrotsområdet i Équateur-provinsen og har hatt kontakt med ebolapasientar, bør kontakte lege når dei kjem heim. Folkehelseinstituttet har utarbeidd prosedyrer for korleis slike tilfelle skal følgjast opp av helsetenesta.

Risikovurdering og oppfølging av personar som har vore i ebolaramma område (FHI)

Smittemåte, symptom og forløp

Ebola smitter mellom menneske ved direkte kontakt med blod og andre kroppsvæsker. Ebolaviruset smitter ikkje via luft. Ved utbrot blir særleg familiemedlemmer og helsepersonell ramma.

Inkubasjonstida for ebola-virussjukdom er 2–21 dager.

Symptoma er sterk hodepine, høg feber, slappheit, muskelsmerter, halsvondt etterfølgt av oppkast, diaré og utslett. Etter 5–7 dagar kan det oppstå indre og ytre blødingar. Dødelegheita ved ebola-virussjukdom er 50–90 prosent.

WHO: - Førebels ikkje ei internasjonal folkehelsekrise

Verdas helseorganisasjon har oppretta ein særskild komite som den 18. mai samla seg for å vurdere om utbrotet i Den demokratiske republikken Kongo burde erklærast å vere ei internasjonal folkehelsekrise (Public Health Emergency of International Concern - PHEIC). Komiteen fann at kriteria for å erklære PHEIC ikkje var oppfylt. Denne avgjerda vil ikkje ha praktiske konsekvenser for det vidare arbeidet med å stoppe utbrotet.

Dei siste åra har det jamleg vore rapport om lokale, begrensa ebolautbrot i Den demokratiske republikken Kongo, siste gongen i 2017. Dette er no det niande ebolautbrotet som har blitt påvist i landet dei siste 40 åra. WHO har ikkje anbefalt restriksjonar for reisande til eller frå landet.

– Kongo har tidlegare hatt fleire utbrot med ebola, men ingen av desse har utvikla seg til store utbrot slik vi såg i Vest-Afrika for få år sidan. Risikoen for spreiing til Noreg er framleis vurdert som svært lite sannsynleg, men Folkehelseinstituttet følgjer utviklinga nøye gjennom dei internasjonale faglege nettverka, seier Line Vold.

Det er sendt ut etterforskingsteam, og det blir gjort epidemiologiske undersøkingar. I tillegg aukar overvakinga og støtta til kommunikasjonsarbeid, logistikk og forsyningar.

Personer som kan ha vore i nærkontakt med ebolapasientar, blir følgt opp slik at ein raskt kan oppdage og behandle dei som får symptom på sjukdommen. Nærkontaktane er óg blant dei første som får tilbod om ebolavaksinen som med hell blei brukt ved det store utbrotet i Vest-Afrika. Folkehelseinstituttet var den gongen involvert i utprøving av ein ebolavaksine som ga svært lovande resultat.

– Det viktigaste no er å nå fram med hjelp til dei sjuke og sikre at eventuelle smitta nærkontaktar blir følgde opp, seier Vold.

Viktig samarbeid for å bremse spreiing av ebola

WHO og helsemyndigheitene i landet arbeider saman om handtering av utbrotet. Humanitære organisasjonar er allereie på plass og samarbeider med lokale og sentrale myndigheiter. Dei første dosane med ebolavaksine er allereie framme i landet.

For meir informasjon om Noregs bidrag i samband med utbrotet i Kongo: 

Bistår Kongo for å stoppe Ebola-utbruddet (Helsedirektoratet)

Les meir om sjukdommen i:

Smittevernveilederens kapittel om ebolavirusinfeksjon.

Ebola-veilederen

WHO: Statement on the 1st meeting of the IHR Emergency Committee regarding the Ebola outbreak in 2018