Hopp til innhold
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Folkehelseprofilar for fylka 2018 er publiserte

Publisert Oppdatert

Fylkesprofil 2018 utsnitt  av forside

Nye  folkehelseprofilar for fylka er publiserte og kan lastast ned frå nettsidene til Folkehelseinstituttet. Tema for folkehelseprofilane 2018 er alkohol og rus.


Ein profil er utarbeidd for kvart fylke. Profilane følgjer same oppsett som kommune- og bydelsprofilane som vart publiserte i februar. 

I fylkesprofilane inneheld folkehelsebarometeret på side 4 data for fylket samanlikna med landet. 

  • Last ned folkehelseprofil 

Folkehelseprofilane for fylke har i 2018 tre nye indikatorar:

  • Alkoholomsetning: Omsetninga siste år inngår i folkehelsebarometeret på side 4. Tala er baserte på omsetninga i daglegvarehandel og vinmonopolutsal i fylket. På midtsidene blir i tillegg omsetninga for perioden 2012-2016 vist. Dessutan kan du finne ein figur som viser skjenketidsslutt for alle kommunane i fylket. 
  • Kor mange som bur trongt. Indikatoren inngår i folkehelsebarometeret på side 4.
  • Hjarte- og karsjukdom, med samla tal for dødsfall og innlagde i sjukehus. Indikatoren inngår i folkehelsebarometeret på side 4. Tidlegare har fylket fått statistikk for dødsfall og innlagde i sjukehus kvar for seg. 

I folkehelsebarometeret på side 4 er det nokre indikatorarar som finst i fylkesprofilen, men ikkje i kommuneprofilen.

  • For levekår og levevanar: uføreytingar, røyking, snusbruk.
  • For helse og sjukdom:  type 2 diabetes, tjukk- og endetarmskreft, føflekkreft, tannhelse for 5-åringar og HPV-vaksinasjon

Talgrunnlaget til folkehelseprofilane for fylker er henta frå Norgeshelsa statistikkbank. Her finst utfyllande informasjon om indikatorane som blir presentert i profilane, samt mange fleire indikatorar. 

Tema 2018: Alkohol og rusmiddel

Tema for 2018-profilane er alkohol og andre rusmiddel.

Det er første gong at folkehelseprofilane viser tal for alkoholomsetning i kommunar og fylke. Tala er baserte på omsetninga i daglegvarebutikkar og vinmonopolutsal. Dei er justerte for skuleferiemånader, men ikkje for turisme resten av året. Det er heller ikkje justert for grensehandel og anna innkjøp i utlandet, og ikkje for kjøp i barar, på restaurantar og andre utestader.

Diagram
Diagram

Figur 1. Alkoholomsetning frå daglegvarehandel og vinmonopolutsal i fylka. *Omsetninga kan vere påverka av handel i utlandet, særleg Danmark og Sverige. Kjelde: Norgeshelsa statistikkbank.

Sjå tabell med tal for åra 2012–2016 i Norgeshelsa statistikkbank. 

I gjennomsnitt var omsetninga gjennom daglegvarehandel og vinmonopolutsal i 2016 fem liter per person per år, rekna som rein alkohol per person  som er 15 år og eldre. Omsetninga på serveringsstader og i taxfree-butikkar er ikkje teke med i dette landstalet. Dersom slik omsetning blir rekna med, er landstalet nærmare sju liter rein alkohol per person som er 15 år og eldre. Det viser tal i det oppdaterte kapittelet om rusmidlar i Folkehelserapporten. Aldersgruppa 15 år og eldre er valt fordi dette er vanleg i internasjonal statistikk.  

Smugling og forbruk i utlandet inngår heller ikkje i nokon av statistikkane. 

  • I artikkelen Om tallene for alkoholomsetning finn du meir informasjon om korleis tala er utrekna.

Figur 2 viser kor stor prosentdel av den alkoholen som er kjøpt i daglegvarebutikkar og på Vinmonopolet, utgjer av det totale alkoholforbruket i landet.

Diagram
Diagram

Figur 2: Bidrag frå ulike kjelder til det totale alkoholforbruket på landsnivå (2016). Storleiken på dei ulike kjeldene kan variere frå fylke til fylke.

  • Les meir om registrert og uregistrert forbruk i artikkelen Alkoholomsetninga i Noreg. 
  • Les temaartikkel om alkohol, andre rusmiddel og folkehelse.

Slik les du folkehelsebarometeret på side 4

Folkehelsebarometeret på side fire i profilane presenterer nøkkeltal, og indikatoren for alkoholomsetning er vist på line nummer 21 i fylkesprofilen. 

  • Sjå brukarrettleiar for folkehelseprofilane.

Finn fleire tal i statistikkbankane

  • Norgeshelsa statistikkbank  er grunnlaget for folkehelseprofilar for fylke og viser tal på fylkes- og landsnivå.    
  • Kommunehelsa statistikkbank er grunnlaget for folkehelseprofilar på kommune- og bydelsnivå.

Statistikkbankane blir oppdaterte når nye data kjem inn. 

Brukarrettleiing for statistikkbankane