Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Betydeleg fleire brukarar av blodfortynnande legemiddel

Publisert Oppdatert

Bilde av hender som åpner pillebrett
Foto: Colourbox.com

Talet på brukarar av blodfortynnande legemiddel auka sterkt etter at dei nye perorale antikoagulasjonsmidla (NOAK) kom på blå resept i 2013. Det viser tala i den årlege rapporten frå Reseptregisteret.


Har du funnet en feil?

Etter at dei nye perorale antikoagulasjonsmidla (NOAK) kom på blå resept i 2013, har talet på brukarar av blodfortynnande legemiddel auka sterkt, viser tala i den årlege rapporten frå Reseptregisteret.

Talet på personar som fekk minst ein resept på NOAK auka frå under 6000 i 2012 til nær 30 000 i 2013. Utgiftene til desse legemidla var i 2013 på 153 millionar kroner.

NOAK blir nytta som nemning for dei nye blodfortynnande legemidla dabigatran eteksilat (Pradaxa®), rivaroksaban (Xarelto®) og apixaban (Eliquis®). I 2013 fekk desse legemidla utvida bruksområde og refusjon på blå resept. Dei er no også godkjende som førebyggjande behandling mot hjerneslag ved atrieflimmer.

Samtidig var det færre som brukte det blodfortynnande legemiddelet warfarin (Marevan®). Talet på brukarar gjekk ned frå 95 000 i 2012 til 88 000 i 2013. Det må utførast meir detaljerte analysar for å undersøkje om det først og fremst er pasientar som ikkje tidlegare har brukt warfarin som no startar med NOAK.

Sjølv om kostnadene innanfor denne legemiddelgruppa aukar, kan det vere kostnadseffektivt å bruke dei nye midla, ettersom det er vist at pasientane treng færre kontrollar og mindre oppfølging frå lege enn pasientar som brukar warfarin.

Fleire brukar ADHD-legemiddel, men talet på yngre brukarar er uendra

Det samla talet på brukarar av legemiddel mot ADHD aukar. I 2013 fekk nær 36 000 pasientar resept på slike legemiddel, mot nær 29 000 i 2009. Søk på Reseptregisteret sine nettsider etter aldersgrupper, viser likevel at auken i talet på brukarar, og brukartalet målt i prosent av befolkninga, gjeld for vaksne. Blant barn og unge er talet på brukarar nær uendra dei siste fem åra.

Om årets rapport

Årets rapport frå Reseptregisteret inneheld ein omfattande tabell med opplysningar om kor mange personar som har fått utlevert legemiddel etter resept frå apoteka i Noreg i siste femårsperiode (2009–2013). For 2013 har ein òg inkludert informasjon om alders- og kjønnsfordeling og kostnader. I tillegg finn ein generell informasjon om Reseptregisteret og legemiddelstatistikk, nøkkeltal frå Reseptregisteret, tabellar over brukarar av legemiddel på blå resept og ein tabell over dei mest brukte legemidla totalt sett.

Reseptregisteret blir mykje nytta til forskingsføremål. Rapporten inneheld ei oversikt over publiserte vitskaplege artiklar som har nytta data frå Reseptregisteret.

Rapporten frå Reseptregisteret kan brukast saman med Reseptregisteret sine nettsider, som inneheld fleire opplysningar om brukarar av legemiddel på resept.

Sjå også: Reseptregisteret 2009–2013 – bestill eller last ned rapport