Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Oppdatering 1. nov. 2011

Nasjonalt utbrot av shigellose

Dei fire personane som har fått bekrefta shigellose i Østfold har ikkje nokon kjend tilknyting til Tromsø. Utbrotet som først starta i Tromsø, blir handtert som eit nasjonalt utbrot då det er pasientar smitta i to ulike kommunar. Utbrotet tel totalt 46 pasientar, 42 med smittestad Tromsø og fire frå Østfold. Intervjuundersøkinga av pasientane og sporingsinformasjon peikar mot basilikum brukt i pesto som ei sannsynleg smittekjelde.

Bakterier i skål (illustrasjonsbilde)
Bakterier i skål.

Pasientane i utbrotet er intervjua, og 36 av pasientene oppgir å ha ete pesto. Tre av pasientane har fått servert fersk basilikum som er ein av ingrediensane i pesto. Det er òg meldt om enkelte pasientar som sannsynleg er blitt smitta via kontakt med ein annan som var sjuk.

Mattilsynet undersøkjer no om ingrediensar i pestoen som er den mistenkte smittekjelda i Tromsø-utbrotet, også kan vere omsett i Østfold. Blant ingrediensane som blir undersøkt, er basilikum frå Israel. Sjå Mattilsynets heimesider for meir informasjon om dette arbeidet.

Det ser ut til at dei fleste pasientane i utbrotet er blitt smitta i begynninga av oktober. Den siste pasienten som er registrert blei sjuk i midten av oktober. Det ser derfor ut til at utbrotet er på hell.

Figuren under viser ei oversikt over talet på pasientar per uke (dvs. uka dei blei prøveteke for Shigella). 

Råd til publikum

shigella-011111.
shigella-011111.
Sjukdomen er smitteførande under akutt sjukdom (diaré), og så lenge bakterien finst i avføringa. Dei viktigaste tiltaka for å hindre smitte til andre er grundig handhygiene etter toalettbesøk og før matlaging og måltid. Generelt bør personar med diaré ikkje lage mat til andre.

Råd til helsevesenet

Det er ikkje grunnlag for å senke terskelen for prøvetaking generelt, men personar med symptom på infeksjon med Shigella sonnei bør vurderast prøvetekne. Generelt kan ein ved shigellose vere meir liberal med antibiotikabehandling enn ved mange andre mage-tarm-infeksjonar. Behandling vil redusere graden av alvorlegheit til sjukdomen og forkorte tida for smittsamheit. Sidan infektiv dose for Shigella er lav, ser ein ofte ein del sekundærtilfelle.

Om bakterien og sjukdomen

Shigella er ein bakterie som lever i tarmen til menneske som har blitt smitta, men bakterien kan også forureine mat og vatn. Dei vanligaste symptoma på sjukdomen er diaré, ofte blanda med blod, magesmerter, kvalme og eventuelt også feber. Sjukdomen er normalt ikkje alvorleg, men sjukdomsbildet er avhengig av kva for type Shigella-bakterie som er årsak til infeksjonen. Bakterien som no er påvist hos pasientane er av ein type som normalt fører til mindre alvorleg sjukdom. Dei fleste diarétilstandane vil gå over av seg sjølve. Ved alvorlege symptom eller blodig avføring bør ein kontakte lege. Eldre og personar med dårleg allmenntilstand, samt barn tåler ofte i mindre grad det væsketapet som diarésjukdomar kan gje.

I Noreg har vi mellom 20 og 30 sporadiske tilfelle av innanlandssmitta shigellose kvart år. Tidlegere utbrot har vore knytt til mellom anna forureina salat og andre grønsaker som etast rå.