Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Mistenkt tilfelle av rabies hos ei kvinne som var busett i Oslo

Oslo Universitetssjukehus har varsla Folkehelseinstituttet og smittevernoverlegen i Oslo om eit mogleg tilfelle av rabies (hundegalskap) hos ei kvinne busett i Oslo og som døydde i slutten av juni i år. Dersom kvinna hadde rabies, kan ho ha blitt smitta under eit opphald i Asia. Ein ventar på svar på fleire prøver før ein eventuelt kan avkrefte eller bekrefte diagnosen.

Familien til den sjuke og helsepersonell som har vore i særleg nær kontakt i samband med behandling av den sjuke, er tilbodne vaksine mot rabies.

Kvinna som var i 40–50-åra, døydde som følgje av ein hjernebetennelse. Dette kan ha andre årsakar enn rabies. Likevel viste ei prøve eit svakt utslag på antistoff mot rabies, og dette blir følgt opp vidare. Ein kan heller ikkje utelate at det første prøveresultatet er ei følgje av tidlegare vaksinasjon mot rabies.

Kvinna opphaldt seg på ferie i Asia i fjor sommar, og i sjeldne tilfelle kan inkubasjonstida (tida frå smitte til symptom på sjukdom) vere opptil eitt år. Fleire prøver er sende til spesiallaboratorium i Sverige, og ein ventar først svar på desse i løpet av neste veke. Folkehelseinstituttet har hatt eit tett samarbeid med Oslo universitetssjukehus og smittevernoverlegen i Oslo kommune.

– Det har aldri blitt påvist at rabiessmitte har blitt overført frå ein rabiessjuk person til helsearbeidarar eller nære familiekontaktar. Slik smitteoverføring er berre ein teoretisk risiko. På grunn av denne teoretiske risikoen og det at rabies er ein dødeleg sjukdom, blir det likevel tilbydd vaksine til nære pårørande og helsearbeidarar som har vore særleg utsette. Vanleg pasientkontakt inneber ingen risiko for rabiessmitte. Vurderinga og råda er i tråd med internasjonale tilrådingar, seier avdelingsdirektør Karin Rønning i Avdeling for infeksjonsovervaking ved Folkehelseinstituttet.

– Det er ingen risiko for smitte til andre som kan ha vore i kontakt med den sjuke eller nokon av den sjuke sine nærkontaktar, seier ho.

Uansett om dette skulle vise seg å vere rabies eller ikkje, er alle tiltak når det gjeld smittevern no allereie sette i verk gjennom vaksinasjon av enkelte helsepersonell og næraste familie.

Sjeldan i Norge

Tilfelle av mistenkt rabies oppstår svært sjeldan i Noreg. Kvart år blir 100–150 personar i Noreg vaksinert mot rabies etter dyrebit i rabiesområde i utlandet. Det er ikkje rapportert nokon bekrefta rabiestilfelle i Noreg sidan Folkehelseinstituttet sitt overvakingssystem for smittsame sjukdommar blei oppretta i 1975.

Høgare førekomst i andre land enn Noreg

Det er vanskeleg å berekne førekomsten i verda av rabies både hos menneske og dyr. Rabies finst i meir enn 150 land eller område i verda. Verdas helseorganisasjon (WHO) har estimert at 50 000–70 000 personar årleg døyr av rabies. Dei fleste tilfella blir rapporterte hos barn i Asia (spesielt India) og Afrika. I 99 % av tilfella på verdsbasis har den sjuke vore eksponert for rabiessmitta hund. I 2012 blei det til WHO sitt samarbeidssenter for rabiesovervaking rapportert 9 tilfelle av humane rabiestilfelle smitta i Europa (Russland 4 og 1 tilfelle diagnostisert i høvesvis Kviterussland, Romania, Sveits, Tyrkia og Storbritannia). Ein variant av rabies kan overførast til menneske ved kontakt med flaggermus.

Meir om rabies

Rabies er ein alvorleg virussjukdom som primært angrip nervesystemet hos varmblodige dyr, men kan i sjeldne tilfelle også smitte til menneske ved bit av eit rabiessjukt dyr, vanlegvis hund. Sjukdommen blir derfor kalla hundegalskap. Tid frå smitte til sjukdom er vanlegvis 3–12 veker, men kan i sjeldne tilfelle vere opptil eit år. Sjukdommen har ei rask utvikling. Den debuterer vanlegvis med smerter og ubehag i og rundt bitstaden, i tillegg til ei uklar kjensle av sjukdom. Deretter følgjer uro, depresjon og angstanfall, og hyperaktivitet, aggresjon, hyperventilasjon, auka spyttsekresjon og krampeanfall. Sjukdommen har alltid dødeleg utgang etter symptomdebut, vanlegvis etter 2–7 dagar. Dødsårsaken er hjernebetennelse