Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Oppdatering 26. april 2013

Mistanke om felles kjelde til hepatitt A-tilfelle i dei nordiske landa

I Danmark, Sverige, Finland og Noreg har det blitt registrert fleire tilfelle enn vanleg med hepatitt A blant personar som ikkje har vore i utlandet i vekene før dei ble sjuke (innanlandssmitta). Frosne bær kan vere smittekjelda.

jordbær.jpg
I Danmark, Sverige, Finland og Noreg har det blitt registrert fleire tilfelle enn vanleg med hepatitt A blant personar som ikkje har vore i utlandet i vekene før dei ble sjuke (innanlandssmitta). Frosne bær kan vere smittekjelda.

I Noreg har Folkehelseinstituttet sidan oktober 2012 fått meldt om 15 innanlandssmitta tilfelle av smittsam leverbetennelse, hepatitt A. Dette er noko meir enn normalt.

Folkehelseinstituttet har samarbeidd med dei lokale kommuneoverlegane og Mattilsynet om å kartleggje eventuelle felles smittekjelder for dei norske tilfella. Resultata av denne etterforskinga kan ikkje identifisere ei felles smittekjelde for alle pasientane i Noreg. Analysar av virus frå pasientane viser at virusa er av fleire ulike variantar.

Mogleg felles kjelde i dei nordiske landa

Sekvensanalysar av virus viser at fire av dei norske tilfella har fått påvist same type virus som pasientane i Danmark. Det er også registrert pasientar i Sverige og Finland med den danske utbrotsstammen. FHI og Mattilsynet undersøkjer, i samarbeid med myndigheitene i dei andre landa og det Europeiske smitteverninstituttet (ECDC), om det finst fellesnemnarar for pasientane i Noreg, Danmark, Sverige og Finland. 

Den nordiske etterforskningen kartlegger hva de ulike pasientene har spist og om aktuelle felles produkter er solgt i alle de fire landene. Dette innebærer analyser av virus, intervju av nye pasienter, prøvetaking av mat og innhenting av opplysninger over hva pasientene har kjøpt inn av mat.

Råd til publikum

Sjuke personar skil ut virus med avføringa, og kan smitte andre via for eksempel forureina hender eller mat og vatn. Det viktigaste tiltaket for å hindre smitte til andre er god handhygiene etter toalettbesøk og før ein et eller lagar mat. Smitte kan også skje ved oralsex og oral-anal-kontakt, eller gjennom sprøytedeling.

Nærkontaktar til personar med påvist hepatitt A skal få tilbod om immunglobulin og/eller vaksine for å forhindre at dei utviklar sjukdom.

Frysing av bær drep ikkje eventuelle bakteriar, virus og parasittar som kan ha forureina bæra før innfrysing. Mange sjukdomsframkallande mikroorganismar overlever svært godt i frosne produkt. Dette gjeld også hepatitt A.

Hepatitt A-virus kan smitte til bæra ved uhygienisk handtering, for eksempel når dei blir hausta eller frå forureina vatningsvatn. Viruset døyr ved varmebehandling, og for å redusere risikoen for smitte bør ein koke importerte frosne bær i eitt minutt før dei blir nytta i rettar som ikkje skal varmebehandlast.

Fakta om hepatitt A

  • Dei fleste som får hepatitt A, blir smitta i utlandet. 
  • Førekomsten av hepatitt A er særleg høg i Afrika, Sør Amerika, Midtausten og store delar av Asia. 
  • En stor del av befolkninga i desse landa gjennomgår infeksjon utan symptom i tidleg barnealder. 
  • Hepatitt A er eit virus som kan gi leverbetennelse, og vanlegvis blir pasientane heilt friske utan leverskade. 
  • Symptom på leverbetennelse er feber, kvalme, oppkast, magesmerter og gulsott. Urinen blir mørkfarga, og avføringa blir lys. 
  • Dei fleste vaksne kan ha symptom i éi til fleire veker før dei kvittar seg med infeksjonen og blir immune. Barn kan ha lettare symptom. 
  • Det er viktig at pasientar med symptom på leverbetennelse kontaktar lege for å få rett diagnose.

Meir informasjon: