Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Ny rapport:

Førebyggjande behandling av latent tuberkulose i Noreg 2001-2012

Tidlegare var det vanleg å gje førebyggjande behandling til personar som var nysmitta av tuberkulose, og som vart identifiserte i samband med smitteoppsporingar. Dei seinare åra har fleire studiar vist at også personar som er smitta tidlegare i livet kan ha nytte av førebyggjande behandling.

Forebyggende behandling tuberkulose.jpg
Denne rapporten oppsummerar tilfella som starta førebyggjande behandling, og som vart melde til MSIS i perioden 2001-2010.

Truleg er om lag 30 prosent av befolkninga i verda smitta av tuberkulose, dei fleste smitta bur i Afrika og Asia. Risikoen for å bli sjuk etter smitte er truleg 5-10 prosent i løpet av livet. Risikoen er størst dei første to-tre åra etter smitten. Seinare er den omtrent 0,5 prosent per år. Risikoen varer livet ut.

Noen er meir utsette for å bli smitta dersom dei kjem i kontakt med ein person som har smittsam tuberkulose, og dei har i tillegg større risiko for å bli sjuke etter smitten. Dette gjeld særleg personar med svekka immunforsvar, som personar med aids, hiv-positive, kreftpasientar, organtransplanterte og små barn. Tuberkulosevegleiaren (FHI 2010, e-bok) har eit eige kapittel som oppsummerar kunnskap og gir anbefaling om når helsevesenet bør tilby ein smitta person førebyggjande behandling.