Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Risikofaktorar for vedvarande åtferdsvanskar hjå små barn

Publisert Oppdatert


Allereie ved 18 månaders alder er det mogleg å identifisere faktorar som aukar sannsynet for at åtferdsvanskar hjå barn forblir stabile gjennom barne- og ungdomsåra. Belastningar på familien og alderen til mor er dei viktigaste faktorane. Dette viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.



Har du funnet en feil?

colourbox
colourbox
Utviklingsmønsteret til 921 barn blei undersøkt frå dei var 18 månader gamle til dei fylte 14 år. På bakgrunn av mor sine skildringar av åtferda til barnet på seks ulike tidspunkt identifiserte forskarane fem grupper barn med ulike utviklingsmønster for åtferdsvanskar gjennom barneåra.

Ei gruppe hadde stabilt høge nivå av åtferdsvanskar over tid. Familiane til barna i denne gruppa skilte seg ut. Mødrene fortalte i større grad om vedvarande belastningar i familien.

Belastningar i familien

De viktigaste tidlege belastningane, etter å ha kontrollert for ei rekkje andre sentrale risikoforhold, var langvarige problem med omsyn til mor sitt forhold til partnaren, med omsyn til helsesituasjonen til mor sin partnar og med omsyn til familien sine levekår.

– Trass i at vi ikkje kan vite sikkert at desse forholda er dei faktiske årsakene, tyder funna våre på at foreldre som slit i forholdet til den romantiske partnaren sin, slit med helseproblem og med levekårsrelaterte belastningar, ikkje klarer å støtte barnet si utvikling i same grad som foreldre som har mindre av slike belastningar, seier postdoktor og hovudforfattar Anne Kjeldsen ved Folkehelseinstituttet.

Alderen til mor

Alderen til mor spelte òg inn. Dess eldre mor var, dess lågare var risikoen for at åtferdsvanskar hjå små barn varte ved.

– Ei ung mor kan vere mindre erfaren i rolla som omsorgsperson, mens ho på same tid kan vere meir sårbar for frustrasjon rundt hennar eige utviklingsbehov, for eksempel med omsyn til karriere, tid til vener og tid til seg sjølv, seier Kjeldsen.

Kjeldsen håper at kunnskap frå denne studien kan bidra til ei tidlegare identifisering av barn med særleg risiko enn det som er vanleg i dag. Det vil i så fall auke moglegheitene for viktig førebygging og intervensjon.

Studien er basert på data frå TOPP-studien ved Folkehelseinstituttet.

Referanse

Kjeldsen A., Janson H., Stoolmiller M., Torgersen L., Mathiesen K.S. Externalising behaviour from infancy to mid-adolescence: Latent profiles and early predictors. Journal of Applied Developmental Psychology 2014; 35 (1): 25-34 (open access).