Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Sparketeljing – nyttig for gravide

Dersom fosteret blir mindre aktivt, kan det vere uttrykk for at fosteret er i ein sårbar eller trua tilstand. Dersom den gravide tel fosterspark, kan ho følgje med på aktivitetsmønsteret på ein systematisk måte, viser ein ny doktorgrad.

Eli.
Eli.
Jordmor Eli Saastad har i doktorgraden sin vist at sparketeljing kan nyttast for at den gravide lettare skal kunne medverke til å identifisere fostre med veksthemming og nyfødte med redusert helse. Dei gravide som var med på studien, fekk ikkje nokon talfesta grenser for kor mange spark som kunne tyde på god eller redusert helse hos barnet.

Gjennom sparketeljinga blei dei gravide oppfordra til å bli kjende med aktivitetsmønsteret til barnet sitt, slik at dei kunne definere lite liv som ei markert endring i forhold til tidlegare aktivitet hos barnet sitt.

– Sparketeljing medførde ikkje at gravide oftare søkte konsultasjonar i helsevesenet på grunn av redusert fosteraktivitet. Teljinga førde heller ikkje til fleire inngrep før eller under fødselen. Dei fleste kvinnene omtala sparketeljinga som noko positivt, seier Saastad, som er knytt både til Divisjon for epidemiologi, avdeling for arv og miljø, Folkehelseinstituttet, og til Høgskolen i Oslo og Akershus. 

Gravide i teljegruppa hadde færre bekymringar for fosteret enn kvinnene i kontrollgruppen. 

Sparketeljing stimulerer mødrene til å følgje betre med

Tidlegere studiar har vist at det er usikkert om sparketeljing har nokon nytteverdi når det gjeld å identifisere foster med problem. I prosjektet var det også viktig å kartleggje om sparketeljing kunne ha negative verknader.
– Avhandlinga viser at sparketeljing er ein trygg metode som kan auke den gravide si merksemd på korleis fosteret har det, seier Saastad. 

Dermed kan redusert fosteraktivitet oppdagast slik at observasjon og oppfølging kan setjast i verk for å hindre uheldig svangerskapsutfall. Meir forsking er nødvendig for å finne ut om ein bør tilrå bestemte grenser for når den gravide bør oppsøkje helsetenesta på grunn av lav sparkeaktivitet, og om alle bør få eit slikt råd eller berre dei som er gravide med eit risikosvangerskap.

I avhandlinga si har Saastad studert effekten av at 1123 gravide brukte sparkeskjema i 2007-09. Halvparten av kvinnene som deltok blei instruerte i å registrere tida det tok å kjenne 10 rørsler fra barnet, noko som gjennomsnittlig tar cirka 10 minutt. Dette skulle dei gjere ein gong dagleg i siste tredel av svangerskapet. Dei andre deltakarane i studien følgde det norske svangerskapsomsorgs-programmet. Her blir ikkje sparketeljing tilrådd i dag.

Om doktorgraden og Eli Saastad

  • Doktorgradsarbeidet er utført ved Institutt for helse og samfunn, det medisinske fakultet, Universitetet i Oslo.
    Eli Saastad har vore tilsett som doktorgradsstipendiat ved Høgskolen i Oslo og Akershus.
  • Saastad har også vore knytt til Folkehelseinstituttet (FHI). Ho hadde arbeidsplassen sin ved FHI store delar av den perioden då ho skreiv på oppgåva, og ho har vore tilsett i ei 20 prosent stilling som rådgjever i et relatert prosjekt ved FHI som heiter “Tel med meg”. Dette er eit forskingsprosjekt der foreldre tel kor ofte fosteret sparkar. Prosjektet skal medverke til meir kunnskap om aktiviteten hos barnet gjennom svangerskapet (men dette er ikkje ein del av av doktorgraden).
  • Frederik Frøen, avdelingsdirektør ved avdeling for arv og miljø på Folkehelseinstituttet, har vore hovudvegleiar for Saastad. Databehandlingsansvaret for dataene i oppgåva ligg også ved Folkehelseinstituttet