Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Nye tilfelle i yersiniose-utbrotet

Publisert Oppdatert


Referanselaboratoriet ved Folkehelseinstituttet har sidan februar påvist identisk stamme av Yersinia enterocolitica O:9 hos 20 pasientar busett over heile landet. Intervju av sjuke personar gav i førre veke mistanke til ei spesiell salatblanding som blei trekt frå marknaden fredag.


Yersinia.jpg

Vidare undersøkingar har gitt mistanke til fleire ferdig oppskorne salatblandingar kjøpte i butikk. Foreløpige undersøkingar utførte ved Veterinærinstituttet, styrkjer denne mistanken. Produsenten trekkjer derfor ytterlegare ni salatblandingar frå marknaden. Mattilsynet tilrår forbrukarar å ikkje ete desse salatblandingane. Folkehelseinstituttet held fram etterforskinga i samarbeid med Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

Om sjukdommen

Kvart år blir det meldt 50-100 tilfelle av yersinose til Folkehelseinstituttet. Dei fleste tilfella opptrer enkeltvis, og fleire tilfelle med felles kjelde opptrer sjeldan i Noreg.

Yersiniabakterien smittar i hovudsak gjennom mat, men kan i sjeldne tilfelle også smitte frå person til person. Dei vanlegaste symptoma er diaré, feber og magesmerter, som varer vanlegvis i 1-3 veker. Sjukdommen går i dei fleste tilfella over av seg sjølv.

For å unngå å smitte andre er det viktig at personar med diaré er nøye med handvask etter toalettbesøk og før matlaging.

Førebyggjande tiltak

Generelle førebyggjande tiltak for å unngå smitte med Yersiniabakterien er: 

  • gjennomsteike eller gjennomkoke svinekjøtt og farsemat laga av svin 
  • unngå å smake på rått kjøtt, kjøttdeig eller farse 
  • vaske grønsaker 
  • unngå ikkje-desinfisert drikkevatn 
  • vaske hender etter toalettbesøk, etter kontakt med dyr og før matlaging og måltider 
  • vaske knivar, skjerefjøler og kjøkkenutstyr som er blitt forureina av råvarer, særleg svinekjøtt