Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Tiltak mot spreiing av dyreassosiert MRSA (LA-MRSA) i Noreg

Publisert Oppdatert


Folkehelseinstituttet, Mattilsynet og veterinær- og helsemyndigheitene samarbeider om å kartleggje og få kontroll på spreiinga av dyreassosiert MRSA (LA-MRSA) til og i norske svinebesetningar.


Har du funnet en feil?

I einskilde andre land med låg førekomst av MRSA *), er MRSA-stammar som blir spreidde i svinebesetningar i ferd med å bli dei MRSA-stammane som oftast blir påviste i befolkninga. MRSA i svinebesetningar er dermed svært viktig for spreiinga av MRSA i befolkninga og aukar risikoen for at MRSA blir ført inn på sjukehus.

Svin.jpg

Våren 2013 blei det påvist eit utbrot av MRSA i norske svinebesetningar. Veterinær- og helsemyndigheitene har sidan den gong arbeidd tett saman for å stoppe vidare spreiing. Mattilsynet utfører no ei større kartlegging av MRSA i svinebesetningane i landet.

MRSA blir ikkje rekna for å vere eit dyrehelseproblem, men bakteriane spreier seg lett til dei som jobbar tett med smitta dyr og kan overførast vidare frå menneske til menneske.

MRSA er ei forkorting for gule stafylokokkar som er resistente mot dei vanlegaste typane av antibiotika.

Gule stafylokokkar gir sjeldan infeksjonar hjå friske personar, men er ei vanleg årsak til infeksjonar hjå pasientar i helseinstitusjonar. At bakteriane er resistente mot antibiotika aukar ikkje risikoen for infeksjon, men det hemjar effektiv behandling når bakteriane er årsak til alvorlege infeksjonar.

*) MRSA er gule stafylokokkar som har utvikla motstand mot fleire typar antibiotika.

Mer informasjon