Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Oppdatering 25. november:

Sjeldan type salmonellose påvist

Publisert Oppdatert


Folkehelseinstituttet har i november 2013 fått påvist18 personar i Noreg med ein sjeldan salmonellabakterie kalla Salmonella Coeln. Pasientane er smitta i Noreg og bur spreidd i fleire fylke (Buskerud, Rogaland, Akershus, Nordland, Oppland, Oslo, Troms, Vestfold, Hordaland, Vest-Agder og Østfold).


- Det er tre barn og femten vaksne blant dei sjuke. Salmonellainfeksjonar er normalt ikkje alvorlege, og som regel treng ein ikkje behandling. Vi har kvart år i dei siste 10 åra fått meldt omlag 0-3 tilfeller av salmonellose som skuldast denne varianten, sier seniorrådgjevar Line Vold i avdeling for smitteovervaking ved Folkehelseinstituttet. 

Folkehelseinstituttet samarbeider med kommunehelsetenesta, Veterinærinstituttet og Mattilsynet i undersøkingar omkring pasientane. Det blir rutinemessig gjort intervju og tatt prøver frå personane sitt nærmiljø i oppklaringsarbeidet for å prøve og kartleggje om det kan vere ei felles smittekjelde.

- Dette oppklaringsarbeidet kan ta tid, og det er ikkje alltid ein lukkast i å finne smittekjelda, sier Vold.

Foto: Colourbox.com
Foto: Colourbox.com
Om salmonellainfeksjonar

Salmonellabakterien smittar hovudsakleg via forureina mat og vatn, men kontaktsmitte frå person til person eller frå husdyr inkludert kjæledyr og ville dyr kan hende. Dei vanlegaste symptoma på sjukdommen er diaré, magesmerter, kvalme og eventuelt også feber. Sjukdommen er normalt ikkje alvorleg. Dei fleste diarétilstandar vil gå over av seg sjølv. Ved alvorlege symptom bør ein kontakte lege.

Ved diarétilstandar hos særskilte risikogrupper (matpersonell, helsepersonell og born i barnehage) blir det gitt spesielle råd om oppfølging og kontroll.

God handhygiene etter toalettbesøk og før matlaging og måltider er generelt viktig for å førebyggje infeksjonar som kan gi diaré. Dersom ein har diaré, bør ein unngå å lage mat til andre, for å førebyggje smitte.

Meir om salmonella