Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Rabies påvist hos dyr i Hellas

Publisert Oppdatert


Greske myndigheiter rapporterer at det er diagnostisert rabies hos ein raudrev og ein hund i regionen Vest-Makedonia som ligg heilt nord i Hellas grensande mot Albania og Republikken Makedonia. Reisande til den aktuelle regionen bør generelt unngå kontakt med dyr. Det er ikkje grunnlag for å åtvare mot reiser til nokon delar av Hellas.


Har du funnet en feil?

Dersom ein i den aktuelle regionen har vore utsett for bit, klor eller slikk på slimhinne eller skadd hud av eit mistenkt smitteførande dyr, må såret straks vaskast grundig med vatn og såpe, og helsevesenet på staden bør kontaktast snarast.

Begge dei aktuelle dyra hadde ei aggressiv åtferd som kunne tyde på rabiessmitte. Dette er dei første tilfella av påvist rabies i Hellas sidan 1987. I nabolanda Albania og Republikken Makedonia finst rabies både blant ville dyr og husdyr. Det er ikkje meldt tilfelle av rabies blant menneske i desse landa på mange år.

Om rabies

Rabies blir også kalla hundegalskap og er ein svært alvorleg virussjukdom som angrip nervesystemet. Rabies er først og fremst ein sjukdom hos varmblodige dyr, men kan òg smitte til menneske. Inkubasjonstida (tid frå smitte til sjukdom) er vanlegvis 3–12 veker, sjeldan lengre enn eitt år. Sjukdommen debuterer med smerter og ubehag i og rundt bitstaden, i tillegg til uspesifikk sjukdomskjensle. Deretter følgjer uro, depresjon og angstanfall.

Ved bit, kloring eller ved slikk på slimhinne eller skadd hud av eit mistenkt smitteførande dyr bør ein straks vaske såret grundig med vatn og såpe. Deretter bør ein snarast (same dag) kontakte helsevesenet på staden. Så snart som mogleg skal ein gi førebyggjande behandling i form av vaksine, uavhengig av om den eksponerte er vaksinert, og eventuelt humant rabiesimmunglobulin. Det er òg viktig å prøve å skaffe mest mogleg kjennskap til det aktuelle dyret, og om mogleg isolere det.

Rabiessituasjonen i Europa

I 2011 blei det til Verdas helseorganisasjons, samarbeidssenter for rabiesovervaking, rapportert 17 tilfelle av humane rabiestilfelle smitta i Europa (13 i Russland, 2 i Kviterussland, 1 i Romania og 1 i Italia). I 2011 blei det rapportert 4397 tilfelle av rabies hos ville dyr (hovudsakleg rev i vestlege område og mårhund i austlege område) og 3835 tilfelle blant husdyr (hovudsakleg hundar, kattar og storfe) i Europa. Dyrerabies i Europa er i hovudsak rapportert frå Russland, Ukraina, Kviterussland, Kroatia, Romania, Italia, Tyrkia, Polen, Moldova, Serbia, Bosnia-Herzegovina, Montenegro, Slovenia, Bulgaria, Litauen og Latvia. I 2011 blei det påvist rabies i flaggermus i Tyskland, Nederland, Frankrike, Spania, Ukraina og Polen.

I Folkehelseinstituttet si Smittevernbok finst oversikt over kva for europeiske land det ikkje er rapportert rabies frå dei seinaste åra. Nemninga rabiesfrie land er ikkje lenger i bruk.