Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Mycoplasma pneumoniae-epidemien på retur – tilråding om antibiotikabruk ved luftvegsinfeksjonar

På bakgrunn av rapportar frå dei mikrobiologiske avdelingane i landet meldte Folkehelseinstituttet i oktober 2011 om auka førekomst av Mycoplasma pneumoniae-bakterien i Noreg. Den høge førekomsten ser no ut til å vere på retur, og er i ferd med å nærme seg eit nivå som kan karakteriserast som normalt for årstida. Det blir tilrådd at legar i primærhelsetenesta i større grad går tilbake til å nytte smalspektra antibiotikum (penicillin) ved luftvegsinfeksjonar som treng behandling.

illustrasjonsbilde av smertestillende tabletter
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
M. pneumoniae-infeksjon er ikkje ein meldingspliktig sjukdom i MSIS, og sjukdommen blir derfor ikkje overvaka like aktivt som mange andre smittsame sjukdommar. Enkelte mikrobiologiske laboratorium publiserer kvar veke mottekne prøver til analyse for luftvegspatogen, og delen av desse som finst positive. Delen av positive prøver låg seinhaustes 2011 fleire stader på mellom 10 og 25 %. Desse data viser no gjennomgåande at delen av prøver som er positive på M. pneumonia har falle til omkring 5 %. I dei seinare vekene har likevel influensaaktiviteten auka, og ein kan i større grad forvente at det er influensa som er årsak hos pasientar som søkjer lege med luftvegssymptom (sjå lenkje nedanfor for oppdatering om influensasituasjonen).

Ved mistenkt bakteriell nedre luftvegsinfeksjon blir det tilrådd at ein følgjer råd gitt i Retningslinjer for antibiotikabruk i primærhelsetjenesten, dvs. at ein primært føreskriv vanleg smalspektra antibiotikum (penicillin) dersom det er indisert med antibiotikabehandling, og ikkje breispektra preparat. Dersom det er klare kliniske eller mikrobiologiske teikn på mykoplasmainfeksjon som treng behandling, er det framleis indikasjon for breispektra antibiotika.

Forbruk av antibiotika i haust og vinter

Dei fleste M.pneumoniae-infeksjonar har eit mildt forløp og krev ikkje antibiotikabehandling. Data frå Reseptregisteret viser ei dobling i føreskrivinga av makrolidar og doksycyklin i fjerde kvartal 2011 samanlikna med same kvartal 2010 i aldersgruppene 0-9 og 10-19 år. I dei andre aldersgruppene var auken frå 2010 til 2011 om lag 30 %. Statens legemiddelverk varsla 3. januar 2012 om mangel på erytromycinpreparat ved norske apotek etter ein kraftig auke i talet på føreskrivingar sist haust. Det er grunn til å tru at føreskrivingspraksisen ved mistanke om mycoplasmainfeksjon har vore for liberal, noko som er uheldig på grunn av fare for biverknader generelt og resistensutvikling spesielt.