Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Minimal spreiing av LA-MRSA i Noreg

Mattilsynet har teke prøvar av alle svinebesetningar i Noreg med meir enn 10 purker. Av dei 986 besetningane ein har teke prøver av, har ein berre funne dyreassosiert meticillinresistente gule stafylokokkar (LA-MRSA) i ein besetning. Det tyder på at desse resistente bakteriane ennå ikkje har etablert seg og spreidd seg i noko særleg stor grad i svinepopulasjonen i Noreg.

I mange europeiske land har ein variant av MRSA-bakteriane (LA-MRSA =Livestock-associated MRSA) spreidd seg blant produksjonsdyr, og då særleg i svinepopulasjonen. LA-MRSA spreier seg lett frå dyr til dei som arbeider med dyra og vidare ut i befolkninga. I Danmark og Nederland er LA-MRSA no dei MRSA-stammane som oftast blir påviste hjå menneske.

– Resultatet av Mattilsynet si kartlegging viser at Noreg framleis står i ei særstilling når det gjeld førekomsten av LA-MRSA, og at vi har gode moglegheiter til å hindre at LA-MRSA etablerer seg og blir spreidd i svinebesetningar i Noreg, seier divisjonsdirektør John-Arne Røttingen i divisjon for smittevern ved Folkehelseinstituttet.

Først påvist i 2013

Svin.jpg

I 2013 blei det for første gong påvist LA-MRSA hjå grisar på nokre få gardar i Noreg. Sidan den gong har Mattilsynet, Veterinærinstituttet, Folkehelseinstituttet og svinenæringa samarbeidd om å finne ut kvar bakteriane er og stoppe vidare spreiing. På dei fleste gardane har ein greidd å bli kvitt bakteriane i dyrebesetningane, i driftsbygningane og hjå personar som var smitta.

– Så langt tyder dette arbeidet på at det er mogeleg å kontrollere og stoppe spreiinga av desse MRSA-stammane. Noreg er det første landet i Europa som har prøvd og greidd å fjerne LA-MRSA frå svinebesetningar, seier Røttingen.

John-Arne Røttingen er likevel klar på at vi ikkje kan avslutte overvakinga og smitteverntiltaka knytt til LA-MRSA.

Førebygginga må halde fram

– Vi må halde fram med å overvake førekomsten av denne stammen både blant dyr og menneske i Noreg, og tidleg setje inn tiltak mot vidare spreiing når bakteriane blir oppdaga i besetningar, seier han.

Dei fleste som blir diagnostiserte med MRSA, har blitt smitta utanfor Noreg. Dersom LA-MRSA etablerer seg i den norske svinepopulasjonen, vil vi få ei stor smittekjelde for MRSA i landet.

MRSA gir sjeldan alvorlege infeksjonar hjå personar som elles er friske, men kan hjå spesielt infeksjonsutsette personar gi alvorlege infeksjonar som er vanskelege å behandle. Difor er det viktig å førebyggje at resistente bakteriar blir spreidde til sårbare personar, som pasientar i sjukehus og andre helseinstitusjonar.

– Eit høgt forbruk og feil bruk av antibiotika er den viktigaste årsaka til utviklinga av resistente bakteriar. For å kunne bevare effekten av antibiotika, er det i tillegg til å kjempe mot spreiing i norske svinebesetningar også viktig at vi tek sikte på eit så lågt forbruk som mogeleg, både i landbruket og innanfor helsetenesta, understrekar Røttingen.