Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Meir meslingar i Europa – gjeld også Noreg

Førekomsten av meslingar i Europa har auka dei siste åra. I 2011 blei det registrert utbrot av meslinger i 36 av dei 53 landa i Europa (WHOs Europaregion). WHO har som mål å eliminere meslingar i Europa innan 2015. Dette kan berre skje gjennom betre vaksinasjon.

Colourbox
Colourbox
Alle land i Europa tilrår to dosar med meslingvaksine, noko som gir godt vern mot sjukdommen. Meslingvirus har ikkje reservoar hos dyr, og ingen menneske ber viruset kronisk. Derfor kan sjukdommen utryddast ved vaksinasjon.

Meslingevaksine ble innført i barnevaksinasjonsprogrammet i Norge allerede i 1969, og etter innføring av MMR-vaksine i 1983 er meslinger blitt en forholdsvis sjelden sykdom i Norge. I perioden 2001–2010 blei det i gjennomsnitt registrert fem tilfelle per år i MSIS-systemet, alle knytte til smitte i utlandet.

Utbrot

Men i 2011 blei det i Noreg registrert 39 tilfelle av meslingar. Dette er betydeleg meir enn tidlegare år. Spytt- og/eller blodprøver frå pasientar med mistanke om meslingar blei undersøkte for spesifikt antistoff, og virus blei identifisert og karakterisert i spyttprøver.

Genotyping av virusa viste at det handla om eitt utbrot med 18 pasientar, tre mindre utbrot og fire enkelttilfelle. Dei fleste tilfella var born under 10 år som ikkje var vaksinerte, og fleire måtte leggjast inn på sjukehus. Det blei også registrert at helsepersonell blei smitta i samband med behandling av pasientar.

I 2012 blei det registrert fire laboratoriebekrefta tilfelle. Ein situasjon lik 2011 kan gjenta seg dersom ikkje høg vaksinasjonsdekning blir halde ved like.

Beskriving av meslingtilfella i Noreg er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet si Avdeling for smittevern, Smittevernoverlegen i Oslo og bydelsoverlegen i Gamle Oslo.

Fordi genotypiske undersøkingar skil mellom enkelttilfelle og smittekjeder, kan resultata vere til hjelp for å peike ut dei gruppene som er utsette for smitte. Slik kunnskap kan brukast til å målrette vaksinering av utsette grupper.

Smittespreiing ved utbrotet i 2011

  • i eitt enkelt innvandrarmiljø
  • på legevakta
  • på sjukehus
  • på skule
  • under flyreise
  • mellom helsepersonell
    Helsepersonell på sjukehus og legevakt er spesielt utsette for meslingsmitte og bør kontrollere at dei er vaksinerte mot meslingar.

Tiltak for å førebyggje og avdekkje utbrot

Testar:

  • Laboratorieverifikasjon er viktig ved mistanke om meslingar, både for stadfesting av diagnosen og for genetisk karakterisering av virus.
  • Spyttprøver var svært nyttige for diagnostikk og gjorde det mogleg å påvise og genetisk klassifisere virus.

Vaksinering:

  • Å senke alderen for første dose med MMR-vaksine ville gitt marginal gevinst.
  • Mange tilfelle kunne vore unngått dersom vi hadde klart å gjennomføre det eksisterande vaksinasjonsprogrammet fullt ut.

Andre tiltak:

  • Meslingar kan vere vanskeleg å skilje klinisk frå andre utslettsjukdommar, og ein bør derfor ta prøver av alle mistenkte tilfelle.
  • Innvandrarmiljø med låg vaksinedekning og mykje kontakt med heimland der meslingar er utbreidd, er særleg utsette for smitte. Det er derfor viktig med målretta tiltak for auke vaksinedekninga i desse risikogruppene.
  • Dialog med dei miljøa det angår, er avgjerande for å rette opp misforståingar om MMR-vaksinen og for auka aksept for vaksinasjon.
  • Fange opp og tilby vaksine til born som av ein eller annan grunn har falle ut av vaksinasjonsprogrammet.