Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Rusgivande stoff er lite brukte av tungtransportsjåførar på norske vegar

Publisert Oppdatert


Kollisjonar mellom personbilar og tungtransport får ofte svært alvorlege følgjer. Rusgivande stoff kan vere ein medverkande årsak til desse ulykkene. Bruk av alkohol, narkotika eller trafikkfarlege legemiddel skjer likevel oftare blant person- og varebilsjåførar enn blant tungtransportsjåførar. Det viser ein nyleg publisert studie frå Folkehelseinstituttet.


Har du funnet en feil?

trailer.
trailer.
I ein del land er det ganske vanleg at tungtransportsjåførar brukar stimulerande stoff som amfetamin, efedrin eller kokain for å halde seg vakne. I ein australsk studie opplyste 20 av 35 intervjua sjåførar at dei hadde brukt amfetamin eller efedrinliknande stoff, medan i ein brasiliansk studie opplyste 66 prosent av tungtransportførarane at dei hadde brukt slike stoff. Bruk av amfetamin eller andre sterkt stimulerande stoff kan gi auka risiko for ulykker på grunn av at ein er meir villig til å ta risiko, og fordi førarane kan bli søvnige og umerksame når den stimulerande verknaden minkar.

I amerikanske og franske undersøkingar fann ein at mange tungtransportførarar hadde brukt cannabis (hasj eller marihuana) før eller under køyringa. Røyking av cannabis kan òg gi auka risiko for trafikkulykker.

Spyttprøver analysert for 20 trafikkfarlege stoff

For å undersøke bruk av trafikkfarlege stoff blant tungtransportsjåførar i Noreg, gjorde Folkehelseinstituttet ei undersøking i samarbeid med Vegvesenet, Region Øst frå oktober 2008 til mai 2009. I samband med kontrollar av tungtransport ved Svinesund, Minnesund og Kjeller kontrollstasjonar blei sjåførane spurte om dei ville delta i ein anonym og tilfeldig studie. Dei som ville delta, gav ei enkel spyttprøve som blei analysert for ca. 20 trafikkfarlege stoff: legemiddel merka med varseltrekant, narkotika og alkohol. Som samanlikningsgrunnlag blei det samla inn prøver frå personbil- og varebilførarar på Austlandet. Desse prøvene blei analyserte på same måte. Forskarane registrerte også alder, kjønn og nasjonalitet på førarane. Positivt analyseresultat i ei spyttprøve viser at eit stoff nyleg har blitt teke, men seier ikkje noko om føraren er påverka på det tidspunktet prøva blir teken.

Mindre del av tungtransportsjåførar som testa positivt for rusgivande stoff

Totalt blei 910 tungtransportsjåførar spurte, og 97 % av desse var villige til å delta i undersøkinga. 5774 førarar av person- og varebilar blei òg spurte om å delta, og 94 % svarte ja. Resultat frå undersøkinga er vist i tabellen nedanfor.

 

Tungtransportsjåførar

Person- og varebilførarar

Alkohol over 0,2 promille

0,1%

0,5%

Trafikkfarlege legemiddel

0,8%

4,3%

Narkotika

1,1%

2,0%

   Amfetamin

0,1%

0,5%

   Kokain

0,5%

0,5%

   Cannabis

0,7%

1,5%

Mindre også blant utanlandske sjåførar

Totalt var 71 % av tungtransportførarane utanlandske, men berre 9 % av person- og varebilførarane. Frå det europeiske DRUID-prosjektet veit ein at ein større del av førarane i Sør- og Mellom-Europa brukar alkohol eller narkotika, men dette fann forskarane altså ikkje blant utanlandske tungtransportsjåførar i Noreg.

Denne studien blei delfinansiert av EU og Forskingsrådet gjennom prosjektet ”DRUID – Driving under the influence of drugs, alcohol and medicines”. Fleire detaljar frå studien har blitt publisert i fagtidsskriftet Traffic Injury Prevention 2012; 13: 43-48 .