Få varsel ved oppdateringer av «Småbarnslykke? »
Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:
- Småbarnslykke?
Nyhet
Småbarnslykke?
Småbarnsfasen er ikkje nødvendigvis den lykkelegaste i livet. Det skrantar både på tilfredsheita med livet og tilfredsheita med partnaren hos dei fleste småbarnsforeldre. Men dei som er tilfredse med forholdet sitt under graviditeten, har det best tre år seinare. Dette kjem fram i ein fersk studie frå Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, og Folkehelseinstituttet. Studien omfattar 60 000 norske kvinner med små barn.
Småbarnsfasen er ikkje nødvendigvis den lykkelegaste i livet. Det skrantar både på tilfredsheita med livet og tilfredsheita med partnaren hos dei fleste småbarnsforeldre. Men dei som er tilfredse med forholdet sitt under graviditeten, har det best tre år seinare. Dette kjem fram i ein fersk studie frå Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, og Folkehelseinstituttet. Studien omfattar 60 000 norske kvinner med små barn.
Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden
- Tilfredsheita med livet generelt aukar dei første månadene etter fødsel og når eit høgdepunkt når barnet er rundt 6 månader. Frå barnet er 6 månader går tilfredsheita med livet generelt ned og når eit lågbunkt når barnet er 3 år.
- Tilfredsheit med partnaren har stor betydning for korleis mødrene opplever livet sitt gjennom denne perioden, og tilfredsheita med det faste forholdet under graviditeten har samanheng med mødrene sin generelle tilfredsheit 3,5 år seinare.
- Forskarane finn likevel ein generell nedgang i begge typar av tilfredsheit over tid i sped- og småbarnsalderen. Allereie frå siste del av svangerskapet kan ein sjå ein nedgang i tilfredsheit med forholdet, og dette blir stadig svekkja utover i undersøkingsperioden til den når eit absolutt lågpunkt ved siste tidspunkt for undersøking 3 år etter fødsel.
- Tilfredsheit med forholdet påverkar på sikt i større grad tilfredsheit med livet enn omvendt, seier Bang Nes som også understrekar at resultata tyder på at samanhengen mellom tilfredsheit med forholdet og generell tilfredsheit endrar seg noko over tid.
- Tilfredsheit med forholdet ser ut til å vere særleg viktig for tilfredsheit med eige liv i graviditetsperioden og spedbarnsalderen.
- I småbarnsperioden ser det ut til at begge former for tilfredsheit påverkar kvarandre meir jamnt.
Norske kvinner mest tilfredse
Samanlikna med ei rekkje andre grupper som har vore studert tidlegare, ser det ut til at norske kvinner er relativt fornøgde i denne perioden i livet.
- Det er mogleg at gode velferdsordningar i Noreg er med på å lette utfordringane gjennom denne fasen. Dette har vi likevel ikkje undersøkt særskilt i denne studien, sier Bang Nes.
- Dei aller fleste vaksne har eit ønske om å få barn. Barn blir sett på som ei velsigning, noko som gjer livet rikare og ei sentral kjelde til meining, kjærleik og kjensle av å høyre til. Ein skulle derfor forvente at det å faktisk få eit barn både oppfyller eit ønske og tilfredsstiller eit fundamentalt behov som igjen skaper glede og tilfredsheit. Undersøkingar viser likevel at dette ikkje alltid er tilfelle. Dette blir ofte kalla ”foreldrelivets paradoks”, forklarer Bang Nes.
Om MoBa
Undersøkinga baserer seg på eit stort tal kvinner som deltok i Folkehelseinstituttets Mor og barn-undersøking (MoBa). MoBa er ei unik oppfølgingsundersøking som har rekruttert meir enn 100 000 gravide kvinner i åra 1999-2008. Over 60 000 gravide kvinner svarte på spørjeskjema som utgjer grunnlaget for denne studien. Undersøkinga er ei oppfølgingsundersøking, og kvinnene svarte på spørjeskjemaet to gonger i løpet av svangerskapet (veke 19 og veke 30), og deretter då barnet var 6 månader og 3 år.
Referanse
Can a Happy Relationship Predict a Happy Life? A Population-based Study of Maternal Well-Being During the Life Transition of Pregnancy, Infancy, and Toddlerhood Gunvor Marie Dyrdal, Espen Røysamb, Ragnhild Bang Nes & Joar Vittersø (2010). Journal of Happiness Studies