Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Miljøgifta PCB reduserer fødselsvekta

Det ser ut til å være ein samanheng mellom kor mye mor har av miljøgifta PCB (polyklorinerte bifenyl) i kroppen og fødselsvekta til barnet. Barn av mødrer som hadde mye PCB i kroppen, viste seg å ha 150 gram lågare fødselsvekt enn barn til mødrer med lite PCB. Det viser ein ny europeisk studie som Folkehelseinstituttet har delteke i.

babyer i senger spedbarn barsel.jpg
Studien er ei samlestudie eller meta-analyse av til saman 15 delstudiar frå 12 europeiske befolkningsstudiar. Til saman har nesten 8000 barn delteke. Dette gjer at samlestudien er eineståande i sitt slag. Morsmelkstudien (HUMIS) ved Folkehelseinstituttet er ein av dei delstudiane som inngår.

Resultat frå studien

Forskarane studerte dei to miljøgiftene PCB 153 og DDE. Resultatet tyder på at det er ein samanheng mellom fødselsvekta og kor mye mor hadde av PCB 153 i kroppen. For DDE fann dei ingen samanheng.

Skilnaden i fødselsvekt var i gjennomsnitt 150 gram når ein samanlikna alle barn som hadde vore utsette for høge med dei som hadde vore utsette for låge PCB-nivå hos mor.

Verknaden på fødselsvekta kan samanliknast med verknaden av at mor røykjer i svangerskapet.

Den same kjelda kan forureine naturen med fleire miljøgifter. Derfor vil personar som har høgt nivå av ei miljøgift i kroppen, ofte også har høge nivå av andre miljøgifter. Dette gjer det vanskeleg å tolke resultata frå ei enkelt studie. 

- Sidan ulike land har ulike mønstre for kva giftstoff som finst i miljøet, gir denne nye samlestudien mye sterkare haldepunkt for at det verkeleg er ein samanheng mellom fødselsvekt og PCB153, og at samanhengen ikkje skuldast miljøgifter som vi ikkje har målt, seier forskar Merete Eggesbø ved Folkehelseinstituttet. Ho leier den norske morsmelkstudien.

Dei i alt 15 delstudiane brukte same definisjon på alle variablar og fødselsvekt. Vidare vart dei analysane utførde på same måte, noe som gjer det enklare å samanlikne studiane på tvers og slå saman resultata i ein såkalla meta-analyse.

Fødselsvekta til barna fall med aukande konsentrasjon av PCB153 hos mor i 12 av 15 studiar. Studien kan ikkje forklare kvifor PCB 153 ikkje viste same effekt i alle delstudiane, trass i at det vart kontrollert for de same faktorane, og trass i at analysane blei utførde på same måte.

Om gjennomføringa av studien

Studien er eit resultat av samarbeidet mellom to EU-finansierte prosjekter: OBELIX og ENRIECO. I ENRIECO vart alle barnestudiar i Europa med miljøgiftdata kartlagde. Deretter var det oppretta eit nettverk mellom studiane der føremålet var at tilgjengelege data skulle utnyttast og på ein standardisert måte.

– Dette er eit nytt og spennande konsept som medfører store fordelar både med tanke på å skape solide forskingsfunn og for å utnytte ressursane i samfunnet betre. Vi kjem til å få meir av denne typen samarbeid i åra framover, seier Eggesbø.

Sidan alle resultata frå alle delstudiane blir rapporterte og tekne med i samlestudien, uansett kva resultatet av delstudiane var, har ein unngått ubalanse mellom studiar som rapporterer om funn og dei som ikkje gjer det. Ofte ser ein at enkeltstudiar som rapporterer om samanhengar, blir overrepresenterte (rapporteringsbias) i meta-analysar. Dette er eit stort problem og skaper usikkerheit når det gjeld tolking av resultata.

Eit svakt punkt ved studien er likevel at miljøgiftene ikkje blei målte på same måte i alle delstudiane, men måtte reknast om til ein felles skala. Denne utrekninga medfører noko usikkerheit, og dette speglar seg i utrekninga av effekten på fødselsvekta. Men unøyaktig utrekning av den faktiske eksponeringa vil vanlegvis føre til at effekten blir undervurdert og dermed vil det ikkje oppstå ”falske” samanhengar, det vil seie at analysen finn ein samanheng som er usann. Det var heller ikke konsistente funn i alle studiar. 

Referanse

Environmental Health Perspectives: "Birth Weight and Prenatal Exposure to Polychlorinated Biphenyls (PCBs) and Dichlorodiphenyldichloroethylene (DDE): A Meta-analysis within 12 European Birth Cohorts", - Eva Govarts, Mark Nieuwenhuijsen, Greet Schoeters, Ferran Ballester, Karolien Bloemen, Michiel de Boer, Cécile Chevrier, Merete Eggesbø, Mònica Guxens, Ursula Krämer, Juliette Legler, David Martínez, Lubica Palkovicova, Evridiki Patelarou, Ulrich Ranft, Arja Rautio, Maria Skaalum Petersen, Rémy Slama, Hein Stigum, Gunnar Toft, Tomas Trnovec, Stéphanie Vandentorren, Pál Weihe, Nynke Weisglas Kuperus, Michael Wilhelm, Jürgen Wittsiepe, and Jens Peter Bonde, and OBELIX/ENRIECO