Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Markering av verdas tuberkulosedag 24. mars 2014

Tema for Verdas tuberkulosedag 2014 er multiresistent tuberkulose, også kalla MDR-tuberkulose. I WHO sin Europa-region er det berre ein av tre med MDR-tuberkulose som blir friske. Verdas tuberkulosedag blir markert både i Noreg og i fleire andre land.

Multiresistent tuberkulose vil seie at bakterien er motstandsdyktig mot dei vanlege tuberkulosemedikamenta. Behandlinga er langvarig og krev mykje både av pasienten og av helsevesenet.

Situasjonen i Noreg

Tuberkulose var eit stort folkehelseproblem i Noreg på slutten av 1800-talet og fram til mellomkrigstida. Industrialiseringa, med påfølgjande betre levekår for folk, reduserte sjukelegheita og dødelegheita dramatisk i perioden fram til 1950-talet. Omfattande smitteverntiltak knytt til tuberkulose, som BCG-vaksinasjon, isolering av smitteførande pasientar, aktiv leiting etter sjuke ved skjermbildeundersøkingar og tuberkulintesting av heile befolkninga medverka til nedgangen. Seinare har effektive kombinasjonar av medisinar medverka ytterlegare til at tuberkulose har blitt ein sjeldan sjukdom i Noreg. Ein kan bli frisk av sjukdommen dersom ein får rett diagnose til rett tid og med rett behandling.

Innvandring og tuberkulose

Med aukande reiseverksemd og migrasjon i verda, vedkjem smittsame sjukdommar utanfor landegrensene oss stadig meir direkte. Dette gjeld ikkje minst tuberkulose. Ein reknar med at om lag 30 % av verda si befolkning er smitta, dei fleste som barn og unge. Om lag ein av ti som er smitta, vil bli sjuke i løpet av livet. I takt med aukande innvandring frå land med høg førekomst av tuberkulose har vi sett ei dobling av talet på tilfelle i Noreg etter midten av 1990-åra.

I 2013 fekk Tuberkuloseregisteret meldt 408 tilfelle, mot 201 i 1996. Dei fleste er fødde utanfor Noreg. Tuberkulose kan på nytt bli eit folkehelseproblem også i Noreg dersom ein ikkje legg nok vekt på kontroll og behandling. Innvandrarar frå land med ein høg førekomst av tuberkulose skal gå gjennom ei lovpålagd tuberkuloseundersøking når dei kjem til landet. Undersøking og behandling er gratis i Noreg.

tuberkuloseveileder smal.jpg

Resistente tuberkulosebakteriar

I delar av Europa, særleg i Baltikum og i tidlegare Sovjet-statar, er resistens mot tuberkulosemedisinar eit aukande problem. Dette skuldast feilaktige kombinasjonar av medisinar, og ikkje-fullførte behandlingar. Ein kan i stor grad seie at dagens urovekkjande situasjon skuldast helsevesenet si mangelfulle handtering av tuberkulose. Ved multiresistent tuberkulose (MDR) varer behandlinga i to år eller meir, mot normalt 6–8 månader. Det er kostbart å behandle MDR-tuberkulose, og behandlinga er også krevjande å gjennomgå for den sjuke. Fleire land med ein høg førekomst av MDR-tuberkulose har ikkje nok ressursar til å behandle meir enn ein viss del av de sjuke, sjølv med internasjonal økonomisk hjelp.

Behandlingsresultat ved MDR-tuberkulose

Berre eitt av tre MDR-tuberkulosetilfelle i WHO sin Europa-region blei i 2013 erklært vellykka behandla, det vil seie at dei vart friske av sjukdommen. Behandling av tuberkulose, særleg av MDR-tuberkulose, krev mykje både av helsevesenet og av den einskilde pasient. Det er ein god indikator på kor godt helse- og sosialsystemet fungerer. I mange land er dødelegheita høg, og dei sjuke som har tuberkulose i lungene kan smitte andre. Helsevesenet og samfunnet må vere i stand til å møte dei ulike pasientgruppene sine behov og særpreg for å lukkast. Langvarig behandling er særleg vanskeleg når pasientane ikkje er bufaste, har utilstrekkeleg ernæring og dårlege levekår. Behandlingsresultata for dei 4–8 pasientane som årleg får diagnosen MDR-tuberkulose i Noreg, er gjennomgåande gode. Tilstanden førekjem svært sjeldan hjå norskfødde.

Flyktningar og tuberkulose

Menneske på flukt er særleg utsette for å få tuberkulose, både fordi helsevesenet i landet dei har flykta frå fungerer dårleg, og fordi det å vere på flukt i seg sjølv disponerer for å aktivisere tuberkulose på grunn av stress og dårlege livsvilkår. Menneske på flukt er i tillegg ekstra vanskelege å nå. Dei er i land der dei ikkje kjenner helsevesenet, dei har ofte òg problem med å forstå og å gjere seg forstått. Fleire kan ha erfaringar som gjer dei mistruiske overfor myndigheitene, inklusive helsevesenet. Det å ha tuberkulose inneber òg eit betydeleg stigma i dei fleste land verda over.

– Vi må difor skape migrantvennlege helsetenester for å nå fram til desse gruppene. Det er også viktig å organisere tuberkuloseundersøkinga ved innvandring til Noreg slik at den er lett tilgjengeleg for å sikre god oppslutning, seier avd.direktør Karin Rønning ved avdeling for infeksjonsovervaking i Folkehelseinstituttet.

Markering av Verdas tuberkulosedag i Noreg 24. mars

Fleire sjukehus i landet har lokale markeringar både for helsepersonell og for innbyggjarane.

Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke, LHL Internasjonal, markerer Verdas tuberkulosedag på Grønland torg i Oslo i samarbeid med den somaliske helseorganisasjonen Kaalmo frå kl. 16 med appellar og konsert.