Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Historisk låge aborttal for kvinner under 20 år

I 2014 vart det utført 14 061 avbrot. Det er 714 (5 %) færre svangerskapsavbrot enn i 2013. Abortrata er fallande for alle aldersgrupper. Det viser dei siste tala frå Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.

rapport svangerskapsavbrudd 2014.jpg
Av utførte svangerskapsavbrot i 2014 var 13 515 (96,1 prosent) sjølvbestemte, og 546 (3,9 prosent) nemndbehandla. Det viser Rapport om svangerskapsavbrot for 2014.

Dei fleste sjølvbestemte avbrot vart utført før 9. svangerskapsveke (78,7 prosent).

Det var ein nedgang i talet på nemndbehandla svangerskapsavbrot frå 634 i 2013 til 546 i 2014. Av dei 546 utførte, nemndbehandla svangerskapsavbrota i 2014, vart 528 innvilga i primærnemnd og 14 i den sentrale klagenemnda.

Historisk få svangerskapsavbrot blant 15-19 åringar

Sidan 2008 har det vore ein jamn nedgang i rata for svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15-19 år. I 2008 var rata 18,1, i 2011 12,7 og i 2014 var talet 9,6 avbrot per 1 000 kvinner i denne aldersgruppa. Dette er den lågaste rata sidan registreringa starta i 1979.

Framleis flest svangerskapsavbrot blant 20-24 åringar

I 2014 som i dei føregåande 20 åra, var det kvinner i aldersgruppa 20-24 år som hadde den høgaste rata av svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner. Også i denne gruppa har det vore ein jamn nedgang frå 30,7 i 2008 til 21,8 per 1 000 kvinner i 2014. Førekomsten av abrot i aldersgruppa 20-24 år nærmar seg den ein finn for aldersgruppa 25-29 år (20,7 per 1 000 kvinner).

Forskjell mellom fylka

Fylka Oslo, Finnmark og Troms hadde flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i aldersgruppa 15-49 år i 2014, med respektive 16,2, 14,6 og 14,0 per 1 000 kvinner.

Rogaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane hadde færrast svangerskapsavbrot, med respektive 8,3, 8,9 og 9,1 per 1 000 kvinner.

Medikamentell behandling er vanlegaste avbrotsmetode

Medikamentell behandling har sidan 2008 vore den mest brukte avbrotsmetoden ved sjølvbestemte svangerskapsavbrot. I 2014 vart 84,4 prosent av dei sjølvbestemte avbrota gjennomført medikamentelt.

Statistikkrapporten vert publisert årleg ved Folkehelseinstituttet og lagt ut på www.fhi.no. Frå 2015 er statistikken også tilgjengeleg i Abortregisteret sin statistikkbank

Se også: Abort - fakta med statistikk