Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Statistikk:

Tal frå Hjarte- og karregisteret for 2012

I årsrapporten og den oppdaterte statistikkbanken for Hjarte- og karregisteret sin basisdel finn du no tal for heile 2012. Den fyrste årsrapporten frå registeret presenterer også statistikk om pasientar med ulike former for hjarte- og karsjukdom.

 

Hjerte-og karregisteret.jpg
Årsrapporten viser følgjande tal for 2012:

  • 339 155 pasientar var i kontakt med sjukehus og poliklinikkar for ei hjarte- og karrelatert liding.
  • Av desse pasientane døde 19 472 i løpet av 2012.
  • I tillegg døde 5 892 personar av hjarte- og karsjukdom utan å ha vore innom spesialisthelsetenesta.

Data frå avtalespesialistar er ikkje med i statistikken.

Data frå 2012 viser vidare at: 

  • 10 672 var innlagde i sjukehus med hovuddiagnosen akutt hjerneslag 
  • 12 329 var innlagde i sjukehus med  hovuddiagnosen akutt hjarteinfarkt 
  • 7 550 var innlagde i sjukehus med hovuddiagnosen hjartesvikt

Hjarte- og karregisteret - rapport for 2012

I statistikkbanken kan du no skilje mellom yngre og eldre pasientar, og mellom pasientar som har hatt desse tilstandane som hovuddiagnose eller som ein bidiagnose.