Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Ny samarbeidsavtale med Malawi

Folkehelseinstituttet har underskrive ny samarbeidsavtale med styresmaktene i Malawi. Avtalen inneber at folkehelseinstituttet i Malawi vert styrka når det gjeld kunnskapsbasert folkehelsearbeid, beredskap, sjukdomsovervaking og arbeidet med å redusere helseskilnader i landet.

malawi 1.jpg

Malawi har eit folketal på cirka 16 millionar og har totalt om lag 250 legar. Til samanlikning har Noreg med sine 5 millionar innbyggjarar om lag 32 000 legar. Malawi har etablert eit nasjonalt folkehelseinstitutt ved hjelp av støtte frå den internasjonale organisasjonen for folkehelseinstitutt (IANPHI) og Folkehelseinstituttet i Noreg.

Den 18. mars vart ein ny samarbeidsavtale underskrive mellom Folkehelseinstituttet, IANPHI og helseministeriet i Malawi. Saman med instituttet i Malawi har Folkehelseinstituttet kartlagt beredskapsfunksjonane i landet  på lokalt, distrikts- og sentralt nivå. Tema som helseovervaking, laboratoriekapasitet, helsepersonell, kommunikasjon, tverrsektorielt samarbeid og koordinering inngår i kartlegginga. Dette er basisfunksjonar som alle land har forplikta seg til etter WHO sitt internasjonale helsereglement (IHR 2005).

- Bakteriar og virus, som til dømes ebola, kjenner ingen grenser. Vi må derfor samarbeide internasjonalt for gjensidig nytte, sa Chris Kang’ombe frå styresmaktene i Malawi under seremonien for underskriving av avtalen.

Langsiktig samarbeid

malawi 2.jpg

Folkehelseinstituttet i Norge vil støtte folkehelseinstituttet i Malawi langsiktig, slik at Malawi etter kvart kan tilfredsstille krava i det internasjonale helsereglementet. Gjennom samarbeidet vil Noreg bidra med finansiell, menneskeleg og fagleg støtte.

- Vårt inntrykk er at ein del overvakingssystem er på plass, men vi veit ikkje kor godt desse vil fungere ved utbrot av til dømes kolera, ebola og ved flaum som no herjar sør i landet, seier Frode Forland, prosjektleiar i avdeling for internasjonal folkehelse ved Folkehelseinstituttet.