Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Statistikk frå Hjarte- og karregisteret:

Færre bypassopererte, men fleire fekk pacemaker i 2014

Over 320 000 pasientar fekk hjelp for hjarte- og karsjukdom i sjukehusa i 2014. Det er om lag 2000 fleire enn i 2013. Fleire fekk pacemakerbehandling, men færre vart bypassopererte, viser statistikk frå Hjarte- og karregisteret ved Folkehelseinstituttet.

Colourbox
Colourbox
Om lag 2000 fleire pasientar fekk hjelp for hjarte- og karsjukdom i sjukehus i 2014 enn i 2013. Statistikk frå Hjarte- og karregisteret for 2014 viser følgjande:

Totalt fekk 170 962 menn og 158 813 kvinner hjelp for hjarte- og karsjukdom i sjukehus i 2014. Av desse pasientane var det:

  • 12 986 som vart innlagde med hjarteflimmer (atrieflimmer/atrieflutter)
  • 11 595 som vart innlagde med akutt hjarteinfarkt
  • 9601 som vart innlagde med hjerneslag
  • 7704 som vart innlagde med hjartesvikt som den viktigaste årsaka

Heile 166 945 (52 prosent) av pasientane som vart registrerte i 2014, hadde òg vore i kontakt med sjukehus for slik sjukdom i 2012 eller 2013, medan dei resterande 159 830 (48 prosent) vart registrerte for første gong i Hjarte- og karregisteret i 2014.

Kva slags behandling blei gitt?

Når det gjeld behandlingsmetodar viser tal for 2014 at:

  • Det vart totalt utført 1724 bypassoperasjonar på kransårar i hjartet. Dette er om lag 200 færre enn i 2013.
  • 4015 fekk ny pacemaker eller skifta den gamle. Dette er over 400 fleire enn i 2013.
  • 1149 fekk ny hjartestartar eller skifta den gamle.

Om statistikken i Hjarte- og karregisteret

Hjarte- og karregisteret vart oppretta i 2012 og omfattar alle som får hjelp for hjarte- og karsjukdom i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta omfattar polikliniske konsultasjonar og innlegging i sjukehus og konsultasjonar hos avtalespesialistar. 

Data frå avtalespesialistar er foreløpig ikkje tekne med i statistikken. Når desse tala vert tekne med, reknar ein med at talet på pasientar i Hjarte- og karregisteret vert noko større.

I statistikkbanken til Hjarte- og karregisteret kan du finne tal for ulike aldersgrupper, og du kan skilje mellom pasientar som har hatt ein hjarte- og karsjukdom som hovuddiagnose, og dei som har hatt slik sjukdom som bidiagnose.