Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Kvalitet på drikkevatnet ved norske vassverk 2008-2010

Kvaliteten på drikkevatnet ved norske vassverk er blitt noko betre, men mange vassverk rapporterer alt for dårleg inn til det sentrale registeret. Særleg gjeld dette lukt og smak. Dette kjem fram i Folkehelseinstituttet sin rapport om vasskvaliteten frå norske vassverk for perioden 2008-2010. Analysen er gjort for fem utvalde parameter: Bakteriane E. coli og intestinale enterokokkar, pH (surleiksgrad), turbiditet (det at vatnet er uklart) og farge.

Bildet viser to vannglass, hvorav det ene har fargetall 120 og det andre lavere enn 5. Foto: Bjørn Løfsgaard
Bildet viser to vannglass, hvorav det ene har fargetall 120 og det andre lavere enn 5. Foto: Bjørn Løfsgaard
I den undersøkte perioden har det skjedd ei jamn forbetring for farge og endå betre for pH. Resultat for E. coli, intestinale enterokokkar og turbiditet er relativt stabile. Analyse av lukt og smak er ikkje påliteleg nok per i dag fordi for få vassverk har rapportert inn dette. Derfor er analysen basert på berre fem parameter.

Rapporteringsåret 2008:

960 vassverk (med forsyning til ca. 3 600 000 personar) har oppgitt analyseresultat for alle dei 5 parametra, og 133 vassverk (med forsyning til ca.1 805 900 personar) har oppfylt krava for alle 5 parametra (tilfredsstillande analyseresultat).

Rapporteringsåret 2010:

757 vassverk (med forsyning til ca. 3 262 800 personar) har oppgitt analyseresultat for alle dei 5 parametra, og 148 vassverk (med forsyning til ca. 1 970 000 personar) har oppfylt krava for alle 5 parametra (tilfredsstillande analyseresultat).

Analyse

  • Sidan E. coli-bakteriar alltid er ein del av tarmfloraen vår, vil eit funn av E. coli i ei vassprøve vere ein sikker indikator på at vatnet er blitt påverka av avføring frå dyr eller menneske. Avføring kan innehalde sjukdomsframkallande bakteriar, og ved funn av E.coli kan det derfor vere risiko for at det finst sjukdomsframkallande tarmmikrobar i vatnet.
  • Delen av personar som mottek vatn med tilfredsstillande E. coli-resultat, har forbetra seg noko frå 2008 til 2010. 
  • Det er flest små vassverk som har påvist resultata for E. coli. Den gjennomsnittlege storleiken for vassverk med ikkje tilfredsstillande resultat var 431 personar i 2008 og 528 personar i 2010. 
  • Intestinale enterokokkar er òg ein bakterie for å vurdere hygienisk kvalitet. Resultata for denne kategorien er noko betre i 2010 enn i 2008. 
  • Turbiditet er eit mål på at vatnet er uklart grunna finpartikulært materiale. Desse partiklane kan redusere desinfeksjonseffektiviteten både ved klorering og UV-stråling, og dei kan derfor ha indirekte helsemessig betydning. 
  • Årsaka til turbiditet i norske vasskjelder kan vere sterk algevekst, breslam, utfelte jern- og manganhydroksidar og erosjonsprodukt. Den kan indikere slamdanning i varmtvasstankar og rør. 
  • Det har skjedd lita endring i resultat for turbiditet frå 2008 til 2010 
  • pH (surleiksgrad): Norsk vatn er frå naturen si side surt og kalkfattig og dermed tærer det på dei fleste material som blir brukte ved distribusjon av drikkevatn. 
  • Delen av personar som mottek vatn med tilfredsstillande pH, har auka i 2010 med 21,3 %, og delen personar i kategorien utilfredsstillande pH har gått ned med ca. 20 % i 2010. Då det nye behandlingsanlegget i Oslo blei sett i drift i 2008, skjedde det ei klar forbetring. 
  • Fargen skuldast organiske stoff i vatnet. I overflatevasskjeldene kan humusinnhaldet vere høgt, og vatnet har ein synleg gulbrun farge. Dette varierer med årstidene. Humusinnhald i vatnet reduserer kvaliteten på råvatnet og påverkar ei rekkje forhold som angår drifta av eit vassbehandlingsanlegg. 
  • Humus i drikkevatn reduserer verknadsgraden av dei ulike prosessane som blir nytta til desinfeksjon. Vatn med for høg farge må gjennom prosessar som reduserer desse parametra, før vatnet blir desinfisert. 
  • Delen av personar som mottek vatn med utilfredsstillande farge er gått ned, men framleis mottek over 700 000 personar vatn med for høg farge. Dette talet blei ikkje redusert då det nye vassbehandlingsanlegget i Oslo blei teke i bruk i 2008, på grunn av visse innkøyringsproblem. Det er venta ei klar forbetring neste år.

Små vassverk meir usikre

Små vassverk er underrepresenterte i innsamlinga 2010. Tidlegare vassrapportar har understreka at desse vassverka gjennomgåande er dårlegare enn dei store vassverka, og at dei brukar mindre ressursar til drift. Det er viktig å ta omsyn til at det manglar data frå ei rekkje små vassverk når ein vurderer vasskvalitet 2010 fordi dette kan gi eit skeivt bilete av status i drikkevasskvalitet

Klassifisering av kvalitet

Klassifiseringa av de utvalde vasskvalitetsparametra er delvis basert på Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt klassifiseringssystem:

”Tilfredsstillande analyseresultat”: Avvik frå grenseverdien i inntil 5 % av prøvene. Med andre ord må 100-95 % av resultata vere tilfredsstillande. Minst 12 prøver må vere analyserte.

”Utilfredsstillande analyseresultat”: Vassverk som har analysert færre enn 12 prøver, og som har avvik frå grenseverdien i minst ei av dei; vassverk som har analysert 12-19 prøver, der 2 eller flere prøver har avvik; og vassverk som har analysert 20 prøver eller fleire og har avvik i meir enn 5 % av prøvene.

I tillegg har Folkehelseinstituttet innført ein kategori:

”Usikre analyseresultat”: Vassverk som har 100-95 % tilfredsstillande prøver, men som har analysert færre enn 12 prøver, og vassverk som har analysert mellom 12 og 19 prøver og som har kun eitt avvik.
Det er framleis vassverk som ikke tek nok prøver, og desse er plassert i kategorien ”usikre resultat” som verkar som ”støy” for ei mer grundig vurdering av dei andre kategoriane ”tilfredsstillande” og ”utilfredsstillande”.

For låg rapportering

I 2008 i var det 1642 rapporteringspliktige vassverk til Vannverksregisteret ved Folkehelseinstituttet (VREG). 85,3 % har oversendt opplysningar til VREG.

I innsamling 2010 var det 1794 rapporteringspliktige vassverk. 68 % har oversendt opplysningar til Mattilsynet si nettbaserte løysing (MATS) som overtok registreringa i 2010. Grunnen til lågare svarprosent i 2010 er tekniske utfordringar.

Les meir og sjå figurar under relatert sak: Drikkevasskvalitet i perioden 2008-1010.