Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Forskningsfunn

Små effektar av røykekampanje

Publisert Oppdatert


Ein ny studie tyder på at Helsedirektorat sin anti-røykekampanje i 2012 truleg har hatt ein liten positiv effekt på oppfatning av helserisikoen ved røyking og motivasjon til å slutte å røyke. Men berre kanskje ein effekt på røykeåtferd.


Har du funnet en feil?

– I alle tilfelle er effektane av kampanjen svært små. Sjølv om vi fann ein liten positiv effekt på nokre av kampanjemåla, fann vi ingen endring på andre mål.

-Det er i utgangspunktet vanskeleg å måle effekten av slike landsomfattande kampanjar, så vi kan ikkje vere heilt sikre på at dei små effektane vi fann skuldast sjølve kampanjen eller andre faktorar fortel Torleif Halkjelsvik, SIRUS-forskaren som leia studien.

Studien er nett publisert i det vitskapelege tidsskriftet Health Education Research.

Spelte på frykt

Reklamekampanjen frå Helsedirektoratet vart vist på tv, internett og i aviser i byrjinga av 2012 og brukte frykt som hovudverkemiddel. Målet var ein direkte innverknad på røykeåtferd, motivasjon til å slutte og helseoppfatningar.

I overkant av 2500 røykjarar deltok i studien, der dei like før og like etter den sju veker lange kampanjeperioden fylte ut eit spørjeskjema på internett. Deltakarane vart delte inn i to grupper: dei som hugsa å ha sett reklamen, og dei som ikkje hugsa den.

Kampanjen gav inga klar endring i røykestatusen, men tendensen gjekk i riktig retning. Blant dei som hadde sett reklamen, var det også ein auke i oppfatninga av dei potensielle helsefarane ved røyking. Dette gjaldt ikkje for dei som ikkje hadde sett reklamen.

Som forventa

Trass i at kampanjen ikkje ser ut til å ha gitt dei store resultata meiner Halkjelsvik at gjennomføringa av kampanjen kanskje ikkje var forgjeves.

Det er ikkje uvanleg at slike kampanjeevalueringar viser små eller ingen målbare effektar, men meir omfattande undersøkingar over lengre tidsrom viser at mengda av slik reklame trulig har ein samanheng med røykeåtferd. I tillegg er slike kampanjar berre eit av fleire tiltak som samla kan føre til røykeslutt.

- Kampanjen ser også ut til å ha stimulert til diskusjon om røyking og helse. Vi kan tenkje oss at det kan medverke til langsiktige endringar gjennom sosiale normer, seier Halkjelsvik.

Heile artikkelen kan lesast online i tidsskriftet Health Education Research.

Dette er ein nyheit frå Statens institutt for rusmiddelforskning (SIRUS). SIRUS vart ein del av Folkehelseinstituttet 01.01.2016.