Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Menstruasjonssyklusen opphøyrer litt tidlegare enn vanleg etter fjerning av ein eggstokk

I overgangsalderen misser kvinner som har fått fjerna ein eggstokk menstruasjonen eitt år tidlegare enn kvinner med begge eggstokkar intakte, ifølgje resultata frå ein stor norsk befolkningsstudie som Folkehelseinstituttet har vore med på. – Vi synest at det er ein overraskande liten effekt, seier forskar Elisabeth K. Bjelland frå Folkehelseinstituttet og Akershus universitetssjukehus.

 
colourbox
colourbox
 Illustrasjonsfoto fra Colourbox.com

Denne studien undersøkte kva det å fjerne ein eggstokk hadde å seie for alder ved menopause, definert som tidspunktet då menstruasjonen opphøyrer for godt. Svært få studiar har undersøkt dette før.

Fjerning av ein eggstokk medfører at kvinna sin follikkelreserve (egganlegg) blir halvert, og difor venta forskarane at kvinner som har gjennomgått slik kirurgi ville ha auka risiko for tidleg menopause.

Eitt års forskjell

Forskarane fann at gjennomsnittleg alder ved siste menstruasjon var 49,59 år blant kvinner som hadde fjerna ein eggstokk og 50,66 år hjå kvinner med begge eggstokkar intakte, noko som var ein statistisk signifikant forskjell. Likevel blei forskarane overraska over resultatet.

– Ettersom fjerning av ein eggstokk inneber ei halvering av follikkelreserven, var betydninga for alder ved menopause overraskande lita. Resultata tyder difor på at mekanismar i den gjenverande eggstokken kan kompensere for tapet av den andre eggstokken, seier Bjelland.

Bjelland er førsteforfattaren av studien som nyleg blei publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Human Reproduction.

Funnet blir støtta av éin tidlegare japansk studie. Elles finst det berre ein liten klinisk studie på området, og denne mangla statistisk styrke.

– Det er difor litt tidleg å slå fast at fjerning av ein eggstokk har lite å seie for når menopause finn stad, men resultata tyder på at kvinner som har gjennomgått eit slikt inngrep har liten grunn til å vere redd for ein uvanleg tidleg menopause, seier Bjelland.

Om metoden

Studien omfatta 23 580 kvinner i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT2). Kvinnene svarte på spørjeskjema ved inklusjon i studien og ved frammøte til helseundersøkinga. Spørjeskjemaa inneheldt spørsmål om opphøyr av menstruasjon, og om alder ved siste menstruasjon. Kvinnene svarte òg på spørsmål om kirurgiske inngrep på eggstokkar og livmor tidlegare i livet. Resultata blei justerte for fødselsår, talet på barn, røyking, kroppsmasseindeks og alder ved første menstruasjon.

Studien er eit samarbeid mellom forskarar ved Akershus universitetssjukehus, Oslo universitetssjukehus Rikshospitalet og Folkehelseinstituttet.

Referanse

Bjelland EK, Wilkosz P, Tanbo T, Eskild A. Is unilateral oophorectomy associated with age at menopause? A population study (the HUNT2 Survey). Hum. Reprod. Advance Access published February 18, 2014.