Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Kvifor blir så mange gravide kvinner sjukemelde?

Tre av fire norske kvinner blir sjukemelde under svangerskapet, og dei fleste rapporterer om søvnproblem, bekkenløysing og kvalme/oppkast som dei viktigaste årsakene.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.comDette viser ein ny studie som har undersøkt hyppigheita av og årsakene til sjukefråvær blant 2918 kvinner som fødde på Akershus universitetssjukehus mellom 2008 og 2010.

Studien fann at:

  • 75 % av kvinnene hadde hatt sjukefråvær på eit eller fleire tidspunkt under svangerskapet, noko som var høgare enn det ein tidlegare antok. 
  • Dei viktigaste grunnane til sjukefråvær var trøytte eller søvnproblem (34,7 %), bekkenløysing (31,8 %) og kvalme/oppkast (23,1 %). 
  • Sjukefråvær hang også saman med lite mosjon, kroniske smerter før eller under graviditeten, behandling for ufrivillig barnløyse, ung alder, konfliktar på arbeidsplassen, fleire barn allereie, tidlegare depresjon og lågare utdanning. 
  • Svært få av kvinnene (2.1 %) rapporterte om depresjon/angst som ein grunn for sitt sjukefråvær, men desse kvinnene hadde den lengste varigheita av sjukefråveret (20 veker). 
  • Eit fleirtal av kvinnene (60.1 %) hadde fått arbeidssituasjonen sin tilrettelagt på grunn av graviditeten, og dette forkorta den totale varigheita av sjukefråværet med 1–2 veker. 
  • Av dei kvinnene som arbeidde gjennom heile svangerskapet utan jobbjusteringar, svarte dei fleste (73,9 %) at arbeidet deira ikkje var anstrengande.

– Det mest overraskande funnet var at delen av dei sjukemeldte var så høg, seier prosjektleiar dr.med. Malin Eberhard-Gran, ved Divisjon for Psykisk Helse.

På landsbasis har svangerskapsrelatert sjukefråvær auka betrakteleg sidan 1995. Kvifor er det blitt så høgt?

– Sjølv om det er ein naturlig biologisk tilstand, så får dei aller fleste ein god del svangerskapsplager, slik som kvalme, trøytte og bekkenløysing. Vi må ikkje gløyme at eit svangerskap inneber store endringar, både fysisk og psykisk. Det kan vere at dagens kvinner i mindre grad er førebudd på slike plager enn det ein var tidlegare. Det blir òg stilt høgare krav til yrkesdeltaking og det blir derfor svært synleg i statistikken. Men dette er berre spekulasjonar, forklarer Eberhard-Gran.

Andre moglege årsaker

Tidlegere studiar tyder på at faktorar som ikkje er relaterte til graviditeten, også kan ha betyding for sjukefråværet. Blant anna er det funne at dei med sjukefråvær har meir stressande og belastande yrke. I tillegg kan kvinna si tidlegare sjukdomshistorie og mentale tilstand, og dessutan noverande jobbforhold og sosioøkonomiske faktorar, spele ei rolle. Meir forsking trengst for å finne ut i kva grad desse faktorane heng saman med sjukefråvær under svangerskap.

Kva kan redusere sjukefråvær?

– Meir fokus på behandling av bekkenløysing og søvnproblem blant gravide kunne nok førebyggje ein del fråvær. Det er likevel mykje som tyder på at tilrettelegging for gravide på arbeidsplassen er det mest effektive tiltaket. Men eit viss nivå av sjukemelding under svangerskap er vi nok nøydd til å akseptere. Dei aller fleste kvinner bruker trass alt ein veldig liten del av si totale livstid til graviditetar, understrekar Eberhard-Gran.

Om studien

Studien er basert på data frå ein større kohortstudie av gravide ved Akershus universitetssjukehus. Kvinnene fylte ut spørjeskjema i svangerskapsveke 17 og 32, om deira sjukefråvær, arbeidssituasjon, sosioøkonomisk status, søvnvanskar, depresjon og smerte. Det blei ikkje skilt mellom deltids- og heiltidssjukemelding.

Førsteforfattar av artikkelen, som no blir publisert i det prestisjetunge tidsskriftet British Journal of Obstetrics and Gynaecology, er psykiater Signe Dørheim. Studien er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkehelseinstituttet, Stavanger universitetssjukehus, Nasjonalt kompetansesenter for søvnsjukdommar, og Akershus universitetssjukehus.

Referanse

Dørheim, S.K., Bjorvatn, B. and Eberhard-Gran, M. (2012) Sick leave during pregnancy: a longitudinal study of rates and risk factors in a Norwegian population. British Journal of Obstetrics and Gynaecology. Online 26 October 2012. DOI: 10.1111/1471-0528.12035