Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Forskningsfunn

Kven utviklar overetingsliding i graviditeten?

Publisert Oppdatert

Colourbox.com
Colourbox.com

Gravide kvinner som slit på ei rekkje område, for eksempel med angst, depresjon og er redde for å leggje på seg under svangerskapet, er mest sårbare for å utvikle overetingsliding under svangerskapet. Det viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.


Har du funnet en feil?

Gravide som utviklar overetingsliding, har fleire symptom på angst og depresjon, lågare livskvalitet og sjølvtillit og er i større grad misnøgde med parforholdet dei er i. Dei er meir bekymra for å leggje på seg i svangerskapet, og vekta dei har, er viktig for korleis dei ser på seg sjølve. Å ha opplevd seksuelt eller fysisk misbruk er òg risikofaktorar for å utvikle overetingsliding under svangerskapet.

Det viser ein ny studie som er publisert i marsutgåva av International Journal of Eating Disorders. Den er basert på dei første 45 644 kvinnene som deltek i Den norske mor og barn-undersøkinga. Blant kvinnene er det 4 % som har overetingsliding, og halvparten av desse utvikla dette etter at dei blei gravide. Overetingsliding er kjenneteikna ved at ein et langt meir enn det andre ville gjort, samstundes som ein mistar kontrollen medan ein et, og føler at ein ikkje klarer å slutte.

– Det er kvinner som slit på ei rekkje område og i tillegg er svært oppekne av kropp og bekymra for kiloane som graviditeten fører med seg, som er mest sårbare for å utvikle overetingsliding i denne perioden, seier Cecilie Knoph Berg, forskar ved divisjon for psykisk helse ved Folkehelseinstituttet.

Same risikofaktorar

Resultata er i tråd med det ein tidlegare har funne av risikofaktorar for overetingsliding blant ikkje-gravide. For kvinner som er sårbare i utgangspunktet, kan graviditeten vere med på utløyse lidinga. Både hormonelle, sosiale og psykologiske forhold ved det å vere gravid kan spele inn.

I motsetning til andre eteforstyrringar som bulimi og anoreksi som debuterer i ungdomstida, veit vi at overetingsliding for mange debuterer først i 20-30 åra. Dette er tidspunktet kor mange får barn. Kanskje nett det å bli gravid er det som utløyser ei vedvarande overetingsliding for nokon.

Viktig kunnskap

Overetingsliding kan ha uheldege konsekvensar for både mor og barn. Ein tidlegere studie ved Folkehelseinstituttet har vist at det kan føre til forhøga fødselsvekt hos barnet, auka førekomst av keisarsnitt og hyppigare bruk av epidural. Det aukar òg risikoen for at mor legg på seg meir enn det som er helsemessig gunstig.

– Når vi i tillegg veit at kvinner ofte ikkje snakkar med jordmødre og legar om at dei har ei eteforstyrring, er det viktig at helsepersonell som jobbar med gravide, er årvakne for denne lidinga, poengterer Berg.

– Det at vi no veit meir om kva som kjenneteiknar desse kvinnene, er eit viktig første skritt for å kunne fange opp kvinnene for å kunne tilby passande behandling. I neste omgang vil vi undersøkje om overetingslidinga vedvarer også etter at kvinnene har født.

Overetingsliding

Overetingsliding (engelsk: binge eating disorder (BED)) er kjenneteikna av episodar med overeting utan den tilhøyrande kompenserande handlinga som er til stades ved bulimi. Ein overetingsepisode er kjenneteikna av at ein mistar kontrollen når ein et. Ein klarer ikkje å stoppe før ein har ete langt meir enn det andre ville ete i same situasjon. Ein kan ete raskare enn vanleg, ete når ein ikkje er svolte, eller ete aleine fordi ein er flau over det store matinntaket. Ofte sluttar ein først når ein er ubehageleg mett. Episodane blir ofte følgde av skam, vemjing eller depressive tankar. Ein del personar med overetingsliding er overvektige.

Mor og barn-undersøkinga

Undersøkinga baserer seg på eit stort tal kvinner som deltek i Folkehelseinstituttet si Mor og barn-undersøking (MoBa). MoBa er ei unik oppfølgingsundersøking som har rekruttert meir enn 100 000 gravide kvinner i åra 1999-2008. Over 45 000 gravide kvinner svarte på spørjeskjema som utgjer grunnlaget for denne studien.

Om studien

Denne studien er ein del av forskingsprosjektet Eating Disorders and Pregnancy Outcome in 100,000 Births, og der hensikta er å identifisere kvinner i Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) som har ei spiseforstyrring. Formålet er å finne ut korleis dette påverkar svangerskap og fødsel, og i tillegg korleis det går med mor og barn dei tre første åra etter fødselen.

Kjelde

Berg, CK, Torgersen, L, Von Holle A, Hamer, R, Bulik CM, Reichborn-Kjennerud T . Factors Associated with Binge Eating Disorder in Pregnancy - International Journal of eating disorders, 2011; 44, 124–133