Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Keisarsnitt og inkontinens

Publisert Oppdatert


Risikoen for urininkontinens etter keisarsnitt påverkast ikkje av om kvinna var urininkontinent eller ikkje under svangerskapet.Dette viser ei fersk studie basert på data frå Folkehelseinstituttet.


Har du funnet en feil?

gravid mage.jpg
- Vi undersøkte 12.679 førstegangsfødande deltakarar i Den norske mor og barn-undersøkelsen (MoBa) som alle var urinkontinente før svangerskapet, fortel forskar Stian Langeland Wesnes ved Universitetet i Bergen.

Resultata viste at:

  • Under svangerskapet fikk omtrent 40 % av kvinnene nyoppstått urininkontinens.
  • Etter fødselen hadde rundt 20 % av kvinnene nyoppstått urininkontinens.
  • Cirka halvparten av kvinnene som vart urininkontinente r svangerskapet fikk tilbake kontinensen seks månadar etter fødselen.
  • Kvinner har større risiko for urininkontinens etter vaginal fødsel samanlikna med keisarsnitt. I tillegg har ein auka vågnad for å framleis vere inkontinent seks månadar etter fødselen dersom ein allereie var inkontinent under svangerskapet.
  • Fara for å vedvare å vere inkontinent seks månadar etter vanlig vaginal fødsel samanlikna med keisarsnitt, er derimot ikkje påverka av om den fødande var kontinent eller inkontinent under svangerskapet.

- Konklusjonen vi kan trekkje av det heile er at vågnaden for urininkontinens etter fødselen ved ulike forløysingsmetodar i liten grad påverkast av om mødrene var inkontinente eller ikkje under svangerskapet. Urininkontinente kvinners håp om å få tilbake kontinensen bør med andre ord ikkje brukast som eit argument for å ta keisarsnitt, noko som har skjedd fleire gongar, seier Langeland Wesnes.

Ref.:Wesnes S, Hunskaar S, Bo K, Rortveit G. The effect of urinary incontinence status during pregnancy and delivery mode on incontinence postpartum. A cohort study. British Journal of Obstetrics and Gynecology.