Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Fødselsmetode påverkar ikkje mental helse

Nokon kvinner ønskjer planlagt keisarsnitt fordi dei er engstelege for fødselen. I ein studie med 55 814 gravide kvinner frå den norske mor og barn-undersøkinga blei symptom på angst og depresjon etter fødselen undersøkt. Fødselsmetode hadde inga betydning for mental helse etter fødselen.

Illustrasjonsfoto: Colourbox..
Illustrasjonsfoto: Colourbox..
Kvinnene ble rekrutterte i perioden 1999 til 2008, og svarte på spørjeskjema i svangerskapsveke 30 og seks månader etter fødselen. Ytterlegare opplysningar om graviditet og fødsel blei henta frå Medisinsk fødselsregister. Spørsmåla blei henta frå eit internasjonalt brukt spørjeskjema som tidlegare er vist å vere eit godt mål på angst- og depresjonssymptom. Fire fødselsmetodar blei samanlikna: normalfødsel, normalfødsel assistert med vakuum/tang, planlagt og akutt keisarsnitt.

Endring i angst- og depresjonssymptom frå svangerskapsveke 30 til seks månader etter fødsel og fødselsmetode hadde ingen samanheng. Førekomsten av angst- og depresjonssymptom seks månader etter fødselen var heller ikkje forskjellig med ulike fødselsmetodar. Først og fremst var det mental helse i svangerskapet som hadde betydning for risikoen for angst og depresjon også etter fødselen.

Studien, publisert i British Journal of Obstetrics and Gynaecology, tyder på at bekymring for mor si psykiske helse etter fødsel ikkje i seg sjølv er ein grunn til å velje fødsel med planlagt keisarsnitt. Studien viser også at akutte inngrep med vakuum/tang eller keisarsnitt ikkje fører til angst- og depresjonssymptom etter fødselen.


Les artikkelen: Adams S, Eberhard-Gran M, Sandvik Å, Eskild A. Mode of delivery and postpartum emotional distress: a cohort study of 55 814 women. BJOG 2011; DOI: 10.1111/j.1471-0528.2011.03188.x