Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Ei av fire kvinner bruker naturmedisinar i svangerskapet

Ein stor del kvinner bruker naturmiddel på eige initiativ under graviditeten, truleg utan å informere helsepersonell om bruken. Dette viser ein ny multinasjonal studie om bruken av naturmiddel hjå over 9000 gravide i 23 ulike land.

colourbox
colourbox
– Naturmiddel kan kanskje appellere til gravide som eit tryggare alternativ enn konvensjonelle legemiddel. I realiteten veit vi svært lite om både effekt og tryggleik av slike middel for mor og barn. Det er viktig å vite kva for naturmiddel gravide bruker for å avdekkje mogeleg uheldig bruk, seier professor Hedvig Nordeng ved Folkehelseinstituttet, som leiar studien.

Studien inkluderer 9459 kvinner der meir enn ei av fire kvinner hadde brukt naturmiddel i svangerskapet (29 %). I alt brukte kvinnene 134 ulike urter.

Ingefær og tranebær er mest brukte

  • Dei vanlegaste urtene var ingefær (13 %, mot kvalme), tranebær (12 %, mot urinvegsplager), valerianarot (8 %, for søvn/roande) og bringebærblad (6%, for lettare fødsel). 
  • Bruken varierte frå 69 % i Russland til 4,3 % i Sverige. I Noreg blei det funne ein nedgang i bruken samanlikna med tidlegare undersøkingar (frå 36–40 % til 29 %), kan hende fordi det er sett større søkjelys på mogelege biverknader av denne typen preparat.

Blir brukt på eige initiativ

I studien oppgav ei av fire kvinner at ein lege hadde tilrådd bruken, men det vanlegaste var at kvinna brukte naturmedisinen på eige initiativ (29 %).

– Helsepersonell bør ha kunnskap og vere tilgjengelege for å diskutere bruk av naturmiddel med gravide slik at ein unngår uheldig bruk av naturmiddel i svangerskapet. Meir kunnskap om effekt og tryggleiken av slike middel i svangerskapet er òg naudsynt, seier Nordeng.

Korleis blei studien utført?

Bruken av naturmiddel blei kartlagt ved hjelp av eit nettbasert spørjeskjema som var tilgjengeleg i perioden oktober 2011 til februar 2012. Nettskjemaet var tilgjengeleg via lenkjer frå annonsar på dei vanlegaste Internett-sidene for gravide og småbarnsmødrer i deltakarlanda i Europa, Russland, Nord-Amerika og Australia. Informasjon om ei rekkje medisinske og sosio-demografiske bakgrunnsfaktorar blei òg registrert for å kunne studere faktorar som hadde innverknad på bruken av naturmiddel.

Studien er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Divisjon for psykisk helse, Nasjonalt folkehelseinstitutt og Hospital for Sick Children i Toronto, Canada.

Referanse

Kennedy, D. A.; Lupattelli, A.; Koren, G. and Nordeng, H. (2013) Herbal medicine use in pregnancy: results of a multinational study. BMC Complementary & Alternative Medicine, 13(1):355.