Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Aukar infeksjonar sjansen for å føde for tidleg?

Infeksjon i livmorhula (chorioamnionitt) er ein av fleire årsaker til for tidlig fødsel. Men infeksjonar andre stader i kroppen mens ein er gravid, aukar det risikoen for å føde før tida? Ei ny studie frå MoBa tyder på at dette i liten grad verkar inn.

prematur kuvøse.jpg
I ei delstudie frå MoBa vart over 60 000 svangerskap følgde frå før 17 veker til barnet var født. Mødrene meldte inn ved å svare på to spørreskjema i 17. og 30. veke av svangerskapet om dei hadde hatt infeksjonar i øvre luftvegar, lungebetennelse, urinvegsinfeksjonar og influensaliknande infeksjonar. Frå Medisinsk Fødselsregister vart data kopla til om tida for fødsel.

Totalt fødde 2,8% mellom 22 og 37 veker utan at fødselen vart sett i gang. Risikoen for å føde før tida var ikkje større hos dei som hadde hatt infeksjonar i løpet av svangerskapet. Forskarane oppdaga ein lett auka sjanse for dei som hadde hatt øre-, bihole- eller halsbetennelse tidleg i svangerskapet, men funna gir lite utslag og er usikre. Studien ved førsteforfattar Nils-Halvdan Morken er den største i sitt slag.

Generelt kan vi med grunnlag i denne store studien seie at gravide ikkje treng å uroe seg for at fødselen skal sette i gang før tida ved infeksjonar som alle kan få - gravid eller ikkje. Generelt veit ein lite om årsakene til at noen fødslar startar for tidleg, men ei anna delstudie frå MoBa har vist at enkelte gen hos mor eller barn aukar risikoen:

Kjelde:

Risk of spontaneous preterm delivery in a low-risk population: the impact of maternal febrile episodes, urinary tract infection, pneumonia and ear,-nose-throat infections. Morken N-H., Gunnes N, Magnus P, Jacobsson B. European J Obstetrics & Gynecology and Reproductive Biology 2011.