Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Artikkel

Slik blir E. coli-utbrottet etterforska

Publisert Oppdatert


Arbeidet med å finne ei eller fleire smittekjelder som har ført til at minst tre barn er smitta med ei farleg form for E. coli, er svært vanskeleg og tidkrevjande. – Vi har etablert gode rutinar for etterforskinga og samarbeider nær med fleire instansar, ikkje minst Mattilsynet, for å oppklare utbrottet, seier overlege Hans Blystad ved Folkehelseinstituttet. Når ein har mistanke om at eit utbrott kan vere nasjonalt (fleire kommunar er involverte), er det nødvendig at oppklaringsarbeidet blir leidd og koordinert sentralt.


Har du funnet en feil?

– I den fasen vi no er i, er det Folkehelseinstituttet som leier etterforskinga gjennom ei eiga utbrottsgruppe. Vi har ikkje påvist noka smittekjelde, arbeidet går føre seg på fleire plan, og vi søkjer breitt for å løyse gåta, seier Blystad.
Dessverre er det ofte slik at ein ikkje finn smittekjelda ved slike utbrott, men det blir arbeidd intenst med å samle inn data for i første omgang å danne ein eller fleire hypotesar om smittekjelda.

Dette gjer vi ikkje aleine. Vi er avhengige av mange ekspertar på ulike område. I dag (fredag 27. mars 2009) vart det etablert ei styringsgruppe som består av representantar frå Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, Veterinærinstituttet og Mattilsynet. Styringsgruppa vil møtast igjen over helga og ha daglege møte. Arbeidet følgjer dei prosedyrar og den arbeidsfordeling som vart bestemt etter E. coli-utbrottet i 2006.

– På måndag har vi innkalla Matsmittekomiteen til eit møte for å høre kva oppfatningar medlemmene har, og kva råd dei kan gi om det vidare arbeidet, seier Blystad.

- Gjennom helga vil det bli arbeidd med å systematisere alle innspel og andre data som vi får i saka, for å sjå etter leietrådar, seier han. Dei mest sentrale områda i utbrottsetterforskinga er nærmiljøa til barna med tanke på å samle inn data om moglege smittekjelder. Grundige intervju av foreldre og andre i desse nærmiljøa blir gjennomførte av det lokale mattilsynet, helsepersonell i kommunen eller på sjukehus. Kva har barnet ete og drukke? Har det hatt kontakt med dyr? Kva er vorte servert i barnehagen? Spørjeskjemaet er langt og detaljert.

– I denne saka ber vi også foreldra om å hente ut utskrifter frå bankkortkontoar for å finne ut kvar og når ein har handla matvarer før barnet vart sjukt. På den måten kan vi etterspore detaljerte kvitteringar frå den enkelte butikken. Dei fleste store matvarekjedene har lagra slike opplysningar elektronisk.

Det er Veterinærinstituttet som analyserer prøver som blir henta frå nærmiljøet til dei barna som er smitta. Dersom Veterinærinstituttet finn E. coli O157, blir prøvene sende vidare til Folkehelseinstituttet. Folkehelseinstituttet vil da undersøkje om bakterien har den DNA-profilen som er påvist hos dei smitta barna.

Folkehelseinstituttet har informert kommunelegane, sjukehusa og laboratoria i landet, slik at dei kan vere særleg årvakne dersom barn med blodig diaré oppsøkjer helsetenesta. – Det er viktig å fange opp eventuelle nye tilfelle tidleg, seier overlege Blystad.

Matsmittekomiteen skal

  • støtte Folkehelseinstituttet i koordineringa av etterforskinga av nasjonale utbrott av næringsmiddelborne smittsame sjukdommar
  • bidra til at nødvendige etterforskingstiltak blir sette i verk
  • bidra til at all nødvendig informasjon blir samla inn og drøfta, og sikre ei heilskapleg vurdering av alle opplysningane
  • bidra til at hendinga blir kommunisert riktig og eintydig
  • bidra til at rapportar til Mattilsynet og Helsedirektoratet er kvalitetssikra
  • bidra til at handteringa av utbrott, inkludert komiteens eigen innsats, blir evaluert