Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Artikkel
Haukeland Universitetssjukehus;

Pågåande utbrot av vankomycinresistente enterokokkar (VRE); ei oppdatering og råd om screening av pasientar

Ved utgangen av mai 2011 er totalt 195 pasientar knytte til dette utbrotet ved Haukeland Universitetssjukehus. Hos 179 av pasientane er bakterien påvist i tarmen etter screening, men utan å ha infeksjonssymptom. Av dei resterande 16 pasientane var det tre med septikemi (blodforgifting) som trong behandling for vankomycinresistente enterokokkar (VRE). I samråd med Haukeland Universitetssjukehus tilråder Folkehelseinstituttet andre sjukehus å vurdere screening av pasientar som har vore innlagt på Haukeland sidan januar 2011.

I oktober 2010 blei Folkehelseinstituttet varsla om eit utbrot av VRE ved Haukeland Universitetssjukehus. Fram til desember 2010 var denne bakterien påvist hos 46 inneliggjande pasientar, av desse var 9 kliniske isolat. Ved utgangen av mai 2011 er 195 pasientar knytte til utbrotet. Hos 16 av pasientane har VRE forårsaka infeksjon, men berre tre av desse trong behandling for dette. Hos resten av pasientane er bakterien påvist i tarmen etter screening, men utan klinisk betydning. Infeksjonar med denne VRE-stammen er enkelt å behandle med antibiotika.

Haukeland Universitetssjukehus jobbar systematisk med tiltak for å avgrense spreiing av bakterien. Sjukehuset har utarbeidd informasjonsskriv til pasientar før og etter screening, i tillegg til prosedyrar for oppfølging av pasientar som blir utskrivne til sjukeheim. I tillegg blir det planlagt epidemiologiske studiar i samarbeid med Folkehelseinstituttet for om mogleg å identifisere årsak til utbrotet og å beskrive korleis smitta har spreidd seg ved sjukehuset.

Enterokokkar finst normalt i tarmen hos menneske og fører sjeldan til sjukdom. Etter operasjonar og hos sterkt svekka pasientar kan likevel bakteriar frå normalfloraen i tarmen forårsake infeksjonar. Dersom bakteriane er resistente mot antibiotika, vil infeksjonane kunne vere vanskeleg å behandle, og faren for komplikasjonar aukar. Enterokokkar overlever godt i miljøet, og VRE er derfor vanskeleg å bli kvitt ved hjelp av vanlege hygieniske prosedyrar.

Påvising av VRE hos pasientar er i Forskrift om allmennfarlige smittsomme sykdommer definert som allmennfarleg smittsam sjukdom. I perioden 2001-2009 har det årleg blitt registrert 0-10 sporadiske tilfelle av VRE på landsbasis, og utbrot er ikkje tidlegare beskrive i Noreg. Folkehelseinstituttet minner om at infeksjon og smitteberartilstand med VRE er nominativ meldingspliktig til Meldingssystemet for smittsomme sykdommer (MSIS), og at alle utbrot av smittsam sjukdom ved helseinstitusjonar er varslingspliktig til Folkehelseinstituttet via nettbasert system for utbruddsvarsling (Vesuv).