Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Fleire tilfelle av listeriose hjå personar som har ete vakuumpakka rakfisk

Publisert Oppdatert


Folkehelseinstituttet er blitt varsla om tre mogelege tilfelle av sjukdommen listeriose hjå personar som har ete vakuumpakka rakfisk frå produsenten Wangensten AS. Personar som har ete produktet bør vere merksame på symptom og kontakte lege ved sjukdom.


Rakfisk. Mattilsynet
Rakfisk. Mattilsynet
Listeriabakterien kan i enkelte tilfelle vere årsak til sjukdom hjå menneske. Særleg utsette er personar med svekt immunforsvar, gravide og eldre.

Dei tre tilfella er alle hjå vaksne som bur i ulike delar av landet. I eitt av tilfella er sjukdommen stadfesta, medan dei to andre blir undersøkt ytterlegare. Produsenten melder at produktet no er trekt tilbake og ikkje lenger finst i butikkane. Mattilsynet tilrår at dersom ein har kjøpt eitt eller fleire av desse produkta, må dei kastast. Det aktuelle produktet er filet av rakfisk med siste forbruksdag i perioden 2.–5.12. 2013 og parti nummer 244 med siste forbruksdag 23.12. 2013.

Personar som har ete den aktuelle rakfisken bør vere merksame på symptom og kontakte lege ved sjukdom. Det er ikkje mogeleg å ta blodprøvar eller andre prøvar hjå friske for å undersøkje om ein har vore utsett for smitte med bakterien.

Legar bør vere merksame på symptom hjå pasientar som kan ha ete rakfisk frå det aktuelle partiet.

Om listeriose

Bakterien Listeria finst naturleg i miljøet, og kan av og til vere årsak til sjukdom hjå både dyr og menneske. Dei fleste menneske et frå tid til annan matvarer som inneheld Listeria utan å bli sjuke. Enkelte tilstandar, som svekt immunforsvar, graviditet og høg alder disponerer for utvikling av sjukdom. Bakterien kan smitte frå mor til barn under graviditeten og føre til alvorleg sjukdom hjå fosteret. Listeriose kan gi ulike symptom, t.d. diaré, eller symptom som ved mild influensa¬liknande infeksjon eller blodforgifting. Tida frå smitte til sjukdom (inkubasjonstida) er vanlegvis frå nokre dagar til tre veker, men i sjeldne tilfelle kan den vere opptil tre månader. Infeksjonen kan behandlast med antibiotika.

Meir om sykdommen listeriose