Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Oppdatering 26.mai

Fire tilfelle av meningokokksjukdom knytt til russ i Bærum

Publisert Oppdatert


Folkehelseinstituttet har per 26. mai fått varsel om fire tilfelle av sannsynleg meningokokksjukdom i Bærum kommune knytt til russ. Den første pasienten har ikkje vore alvorleg sjuk og er no i betring, den andre har symptom på blodforgifting, den tredje på hjernehinnebetennelse, og ein fjerde person som er søster til ein russ, er innlagt på sjukehus med symptom på alvorleg meningokokksjukdom.


Har du funnet en feil?

cdc
cdc

Dei tre første har fått påvist meningokokkbakteriar gruppe Y; for den fjerde er ikkje desse undersøkingane klare enno. Bakterieisolata blir undersøkt vidare ved Folkehelseinstituttet. Kommunehelsetenesta i Bærum informerer befolkninga i kommunen om symptoma til sjukdommen slik at folk kan søkje lege tidleg.

Familien til pasientane og andre nærkontakter blir tilbodne antibiotikabehandling for å fjerne eventuelle meningokokkbakteriar i halsen. I tillegg blir dei tilbodne vaksinasjon.

Russen og deira nærkontaktar blir minna om behovet for raskt å søkje lege for undersøking ved feber og ”influensaliknande symptom”, og om å vere merksame på symptom av alvorleg sjukdom hos kvarandre. Folkehelseinstituttet er i tett kontakt med kommunehelsetenesta i Bærum for vurdering av situasjonen.

Rundt 10-30 % av unge voksne har meningokokkbakteriar i halsen uten at dette gir symptom eller indikerer fare for alvorleg sjukdom. Det blir derfor ikkje tilrådd at legane tek prøver for meningokokkar i nase eller hals hos russ eller andre som ikkje har symptom på alvorleg meningokokksjukdom.