Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Forskningsfunn
Ny studie viser:

Stokkmaur skader forskjellige isolasjonsmateriale i ulik grad

Som isolasjon i bygningar blir det vanlegvis brukt ulike typar skumplastprodukt, glas- eller steinull. Ein ser ofte angrep av maur i desse materiala, men det har vore delte meiningar om kva maur føretrekkjer å gnage/etablere reir i. For første gong er det gjort ei undersøking som viser gnageevna til stokkmaur i ulike typar isolasjonsmateriale.

Foto:Folkehelseinstituttet
Foto:Folkehelseinstituttet
Når maur etablerer reir i isolasjonsmateriale, blir isolasjonsevna svekka. I tillegg til den materielle skaden fører maurangrep òg til auka bruk av insektmiddel. Insektmiddel er skadelege for helse og miljø. For å hindre maurangrep er det viktig å finne isolasjonsmateriale som ikkje blir angripe.
I rapporten “Stokkmaur i isolasjon rapport 2012 (pdf)” er følgjande beskrive:

  • Tida det tok før maur begynte å gnage i ulike isolasjonsmateriale 
  • Skade på ulike isolasjonsmateriale etter å ha blitt presentert for maur i fem dagar 
  • Om skaden endra seg om isolasjonen hadde ulik temperatur 

I sjølve rapporten er resultat for polysteren og foamglas beskrive. Resultat for andre isolasjonsmateriale finst i vedlegget.