Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Forskningsfunn

Omfang av hovudlus i fem kommunar

Den første vitskapelege undersøkinga som ser på omfanget av hovudlus i Noreg, er publisert. Forskarar frå Folkehelseinstituttet, avdeling for skadedyrkontroll har undersøkt førekomst av hovudlus hos husstandar til barneskulebarn. Til saman deltok 6203 husstandar frå 42 skular i dei fem kommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Bodø og Tromsø.

Hodelus
FHI - Hallvard Elven

Husstandane greidde medlemmene sine for hovudlus og svarte på spørsmål om noverande og tidlegare førekomst av hovudlus. Under 1 % av husstandsmedlemmene hadde hovudlus den dagen dei ble greidde. Fleire barneskulebarn enn førskulebarn, eldre barn og vaksne hadde hovdlus. Blant barneskulebarna var førekomsten størst hos tredjeklassingar. Sjølv om få personar hadde hovudlus då dei blei greidde, hadde over ein tredjedel av husstandane tidlegare opplevd hovudlus blant medlemmene sine. Over tid er derfor problemet svært vanleg.

Kva kan tenkjast å påverke smittesituasjonar?

I Bergen og Oslo hadde fleire husstandar hatt hovudlus enn i Tromsø og Bodø. Grunnen til dette kan vere at menneska bur tettare i dei førstnemnte kommunane med større sjanse til å få overført hovudlus frå andre. Både noverande og tidlegare førekomst av hovudlus var påverka av kva for skule høvesvis barnet og husstanden tilhøyrde, noko som tyder på at spreiing av hovudlus mellom barn på same skule, anten det skjer på sjølve skulen eller blant skulevenner på fritida, har vesentleg betydning for smittesituasjonen.

Gjensmitte

kjemming hodelus
Det er viktig å sjekke barna for hodelus ofte, slik at smitte raskt kan oppdages og spredning unngås. FHI - Anne Lene Solbakken

Sjansen for at skulebarn hadde hovudlus var høgare dersom husstanden deira tidlegare hadde hatt hovudlus, og ein tredjedel av husstandane som tidlegare hadde opplevd hovudlus, hadde opplevd dette meir enn éin gong. Begge desse resultata tyder på at gjensmitte kan vere eit problem.

For å redusere sjansen for smitte og gjensmitte i eit nærmiljø er det viktig med hyppige inspeksjonar og effektiv behandling. Det er viktig å informere venner, skule og klassekameratar om at barnet har hovudlus slik at desse sjølv kan bli sjekka og raskt behandla.