Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Viltkjøtt og bly - resultater fra studie

Publisert Oppdatert


Hausten 2011 publiserte Veterinærinstituttet resultat frå ei undersøking som viste at kjøttdeig frå elg i enkelte tilfelle kunne innehalde svært høge nivå av bly. Både i Tyskland og Sverige er det funnet svært høye nivåer av bly i viltkjøtt, samt gitt anbefalinger til enkelte grupper om å være forsiktig med inntak av viltkjøtt.


Har du funnet en feil?

elg

I den norske studien inngår både familiar med høgt inntak av viltkjøtt og personar som sjeldan eller aldri et vilt. Alle svarte på eit spørjeskjema og gav blodprøve som blei analysert for bly.

Blyinnhaldet i blod er ein god indikasjon på kor mykje bly ein har fått i seg dei seinaste par månadene, og det er godt kjent kva for nivå som er helseskadelege.

Blodprøveresultata frå undersøkinga er no ferdige, og prosjektleiar ved Folkehelseinstituttet Helle Margrete Meltzer melder at blynivåa hos norske jegerfamiliar generelt sett var låge i forhold til nivå av bly som tidlegare er funne i norske og europeiske undersøkingar.

Det var noko variasjon mellom prøveresultata, men ingen av deltakarane hadde blynivå i blodet som i dag er sett på som helseskadeleg. Det er mange faktorar som kan forklare variasjonar i blynivået hos deltakarane, som alder, kjønn, type viltkjøtt, eigenproduksjon av ammunisjon osv.

Risikovurdering

Resultata og desse samanhengane vil bli vurdert nærmare i ei risikovurdering som skal utarbeidast av Vitenskapskomiteen for mattrygghet (VKM). VKM vil publisere si vurdering tidleg neste år. Risikovurderinga vil danne grunnlag for dei råda Mattilsynet deretter vil gi befolkninga.

Jakt er ein viktig fritidssyssel for mange nordmenn: Ca. 3 % av befolkninga deltok i ein eller fleire former for jakt i jaktåret 2011/2012, og viltkjøtt er ein viktig del av kosthaldet i familiar som går på jakt. Fordi ammunisjonen som blir brukt til storviltjakta inneheld bly og fordi ein har påvist svært høge blyverdiar i enkelte prøver av norsk viltkjøtt som er male opp, har det vore mistanke om at inntak av for mykje viltkjøtt kan vere helseskadeleg.

Kvifor er ein bekymra for bly?

  • Bly er eit giftig tungmetall som vi blir utsette for via mat, vatn, luft og støv. 
  • Bly blir lagra i kroppen, først og fremst i beinvev. 
  • Høge nivå av bly i blodet kan skade nervesystemet, bloddanninga og nyrene. 
  • Den mest følsame gruppa er born i perioden før og etter fødsel