Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet
Kommentar:

Viktig at norsk mat blir overvåka for miljøgifter

Det er stor uro i Tyskland etter ein ny matskandale med funn av sterkt forhøga nivå av dioksinar i egg og kjøtt. Dette kjem av at ein produsent av fôringrediensar har selt dioksinforureina feitt til ei rekkje fôrprodusentar. Folkehelseinstituttet har i lang tid målt kor mykje miljøgifter vi får i oss i Noreg, og meiner det er viktig at nivået av miljøgifter i maten blir nøye overvåka.

900283_L.
900283_L.
Forbrukarar i Tyskland fryktar for helsa si, og politikarar krev drastiske tiltak. Fleire tusen gardar er sette under karantene og får ikkje selt produkta sine før dei er testa for dioksin. Folkehelseinstituttet følgjer med på kor mykje miljøgifter, blant anna dioksinar, vi blir utsette for i Noreg ved å måle nivået i morsmjølk og blod og rekne ut kor mykje vi får i oss frå kosten.

Kva er dioksinar?

Dioksinar er eit fellesnamn på klorhaldige sambindigar som blir danna utilsikta ved forbrenning og industrielle prosessar. Dei har lang nedbrytingstid, blir spreidde i miljøet, og vi kan få dei i oss gjennom maten vi et (Sjå faktaark om dioksinar – lenkje under).

Helseskadane er knytte til opphoping i kroppen over tid, det er derfor ingen akutt fare knytt til å ha ete f. eks moderat forurensa egg nokre veker eller månader. Befolkninga sitt inntak av dioksinliknande stoff har gått vesentleg ned dei siste 30 åra, noko ein kan sjå ved ein nedgang i innhaldet i morsmjølk på ca. 70 % (Sjå Faktaark om morsmjølk – lenkje under).

Framleis for mykje dioksinar i Noreg og i EU

Likevel har delar av befolkninga eit inntak som er høgare enn det ein reknar som trygt, og mange ligg nær opp til tolerabelt inntak. Vel halvparten kjem frå fisk, fiskelever og skaldyr. Resten fordeler seg på forskjellige matvaregrupper. Dette kjem av at mat inneheld låge mengder dioksinliknande stoff som resultat av utslepp til miljøet.

Det er derfor ønskjeleg med ein vidare reduksjon av dioksinnivåa i befolkninga, og det er ikkje ønskjeleg at vi får ei tilleggsbelastning fordi fôrprodusentar ikkje held seg innanfor regelverket.

Etter ein stor matskandale med dioksinforureining i Belgia i 1999 sette EU øvre grenser for innhald av dioksinar i matvarer og fôr for å verne forbrukarane og hindre at forureina mat kom på marknaden. Det blei etablert detaljerte reglar for kontroll av matvarer og fôr.

At slik kontroll er viktig, viser oppdaginga av fleire tilfelle av forhøga dioksinnivå i ulike EU-land det siste tiåret. Årsaken var i dei fleste tilfella forureina fôrstoff. Produksjon av dyrefôr er prega av komplekse leveringskjeder for fôrstoff og internasjonal handel med desse.

Kva må gjerast?

For å hindre at forureina mat når forbrukarane, er det derfor nødvendig at myndigheitene kontinuerleg overvakar innhaldet av miljøgifter i mat og fôr. Dette er Mattilsynet sitt ansvarsområde, og Mattilsynet må få tilført nok ressursar for å sikre overvaking av miljøgifter.

Mer informasjon: