Hopp til innhold
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Lukk

Få varsel ved oppdateringer av «Miljøgifter: Redusert sjanse for graviditet?»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte og slette din e-postadresse ved å følge lenke i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Miljøgifter: Redusert sjanse for graviditet?

Oops, noe gikk galt...

... ta kontakt med nettredaksjon@fhi.no.

... last inn siden på nytt og prøv igjen.

Forskningsfunn

Miljøgifter: Redusert sjanse for graviditet?

Publisert Oppdatert

Fleire forsøk har vist uheldige følgjer når forsøksdyr blir utsett for miljøgifter av typen perfluorerte stoff (PFC). Meir usikkert er det om små mengder som menneske blir utsett for i miljøet kan vere uheldig. Tidlegare forskingsarbeid kan tyde på ein samanheng mellom nivå av PFC i blod og tida det tar for kvinner å bli gravide. Ein 2012 delstudie frå den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) tyder ikkje på at PFC verkar inn.

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Fleire forsøk har vist uheldige følgjer når forsøksdyr blir utsett for miljøgifter av typen perfluorerte stoff (PFC). Meir usikkert er det om små mengder som menneske blir utsett for i miljøet kan vere uheldig. Tidlegare forskingsarbeid kan tyde på ein samanheng mellom nivå av PFC i blod og tida det tar for kvinner å bli gravide. Ein 2012 delstudie frå den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) tyder ikkje på at PFC verkar inn.


Ei gruppe på 910 kvinner frå MoBa som var gravide i 2003 og 2004 var med på denne delstudien. Av desse var 416 valde ut fordi dei utan prevensjon, men med aktivt seksualliv, hadde trengt meir enn 12 månader på å bli gravide. Forskarane undersøkte separat førstegongsgravide og fleirgongsfødande.

  • Mellom dei med høgast PFC var risikoen dobbelt så stor for redusert sjanse for å bli gravid 
  • Hos førstegongsfødande var det ingen samanheng mellom nivået av PFC og redusert sjanse for å bli gravid 
  • Hos fleirgongsfødande var det noe høgare nivå av PFC hos dei som trengte lang tid på å bli gravide

Nivået av PFC går til vanleg ned i løpet av svangerskapet og ammetida, bl.a. fordi stoffet går ut i morsmjølka. Fordi PFC kan stige over tid mellom svangerskapa, kan auka PFC vere ein følgje av langt intervall mellom svangerskapa og ikkje nødvendigvis ei årsak.

Ein dansk studie frå perioden 1996-2002 konkluderte med ein samanheng mellom høgt nivå av PFC og redusert sjanse for å bli gravid. Ein viktig forskjell er at nivåa som var målte var vesentleg høgare i denne perioden; nivået generelt har gått ned dei siste åra. Den danske studien skilde heller ikkje mellom førstegongsgravide og fleirgongsfødande. Studien frå MoBa ser derfor ut til å gi større innsikt, og tyder ikkje på at PFC gir redusert sjanse for å bli gravid.

Studien er gjort i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og National Institutes of Environmental Health i USA.

Fakta om PFC

  • Miljøgifter av typen PFC (perfluorerte stoff) finst mellom anna i ei rekke impregnerte forbruksprodukt, i tekstil, tepper og matemballasje.
  • Fisk og skaldyr er den viktigaste matvarekjeldene for desse stoffa.
  • Morsmjølk er hovudkjelda for barn som blir amma.
  • Innemiljøet kan bidra til at vi får i oss PFC.
  • Bruken har gått vesentlig ned det siste tiåret, men PFC er å påvise i blodet frå mødrer og nyfødde barn og i brystmjølk
  • Stoffa blir brote ned svært seint og kan skade levende organismar, og blir derfor sett på som miljøgifter

Referanse

Whitworth, Kristina W.; Haug, Line S.; Baird, Donna D.; Becher, Georg; Hoppin, Jane A.; Skjaerven, Rolv; Thomsen, Cathrine; Eggesbo, Merete; Travlos, Gregory; Wilson, Ralph; Longnecker, Matthew P. Epidemiology 2012; 23: 257–263. Perfluorinated Compounds and Subfecundity in Pregnant Women.