Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Forskningsfunn
Studie

Miljøgiftene PCB og dioksin gir svekka infeksjonsforsvar hos småbarn

Immunsystemet er ekstra sårbart hos ufødde og små barn, og meir astma-liknande symptom og luftvegsinfeksjonar hos barnet i det første leveåret kan bli resultatet dersom mors mat under svangerskapet inneheld auka mengder av miljøgiftene PCB og dioksin. Dette er resultatet av ei undersøking av 200 gravide kvinner og barna deira gjort ved Folkehelseinstituttet.

Mor og baby

Nivået av miljøgifter i norsk mat er lavt, og har gått nedover dei seinare åra. Likevel finst det framleis små mengder PCB og dioksin i noen matvarer.

Det vart funne samvariasjon mellom mors inntak av både dioksin og PCB i maten under svangerskapet og astma-liknade symptom, forkjøling og andre øvre luftvegsinfeksjonar hos barnet. Astma-liknande symtom – tettheit og piping i brystet – skuldast i første leveåret svært ofte infeksjonar, og ikkje allergisk sjukdom.

Liknande funn, men då i høve til menga av PCB og dioksin i brystmjølka, er tidlegare gjort hos større barn i Nederland.

Bedre råd

Ein styrke ved denne nye norske undersøkinga er at ein ikkje baserte den på måling av mengda PCB og dioksin i blodet hos barna eller i brystmjølka, men i staden på mors inntak av miljøgifter gjennom maten medan ho var gravid. Det gjer resultatet meir verdifullt for rådgiving av gravide kvinner, fordi det direkte viser at det betyr noe for helsa til barnet kor mykje miljøgifter den gravide kvinna får i seg gjennom maten.

Undersøkinga, kalla BraMat, er ein del av det EU-finansierte internasjonale forskningsprosjektet NewGeneris, og er eit delprosjekt under Den norske mor og barn-undersøkinga.

Mengda miljøgift i maten til gravide kvinner i den nye undersøkinga, vart berekna på grunnlag av detaljert kostinformasjon samla inn gjennom Den norske mor og barn-undersøkinga. I NewGeneris-prosjektet vart det så samla inn opplysningar om barnet si helse fram til eitt års alder.

Referanse:
Stølevik SB, Nygaard UC, Namork E, Haugen M, Kvalem HE, Meltzer HM, Alexander J, van Delft JH, Loveren HV, Løvik M, Granum B. Prenatal exposure to polychlorinated biphenyls and dioxins is associated with increased risk of wheeze and infections in infants. Food Chem Toxicol 2011 May 6. [Epub ahead of print]