Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Nyhet

Inneklimarapport:

Hund eller katt i heimen: Ta omsyn til allergikarane!

Publisert Oppdatert

Colourbox
Colourbox

Dei aller fleste familiar har ingen grunn til å la vere å skaffe seg kjæledyr dersom tanken er å førebygge astma og allergi, men ein bør ta omsyn til allergikarane. Det er konklusjonen i "Inneklima-rapporten" frå Folkehelseinstituttet.


Har du funnet en feil?

Rapporten «Anbefalte faglige normer for inneklima» gir råd til helsemyndigheiter, den lokale helsetenesta og publikum i helsefaglege vurderingar av inneluftkvaliteten. Tilrådingane er gjort av ei gruppe ekspertar, som har gjennomgått relevant forsking på fagområdet og oppdatert kunnskapsgrunnlaget.

I seg sjølv er ikkje dei praktiske råda og faglege normene i rapporten rettsleg bindande, men dei er ein måte for myndigheitene å gje signal om korleis ein på best mogeleg måte kan oppfylle dei meir skjønnsmessige krava som er nedfelt i lovverket.

Uavklart om kjæledyr og allergirisiko

Ifølge rapporten er det uavklart om dyrehald aukar eller reduserer sjansane for å få astma eller allergi. Forsking har dei siste åra gitt motstridande resultat. Mens nokre studiar hevdar at dyrehald har beskyttande effekt, viser andre auka risiko for utvikling av desse sjukdomane.

Det sprikande faktagrunnlaget gjer det vanskeleg å gi klare råd om førebygging. Men dersom det er allergisk astma eller allergi hos personar i hushaldet, bør ein la vere å skaffe seg kjæledyr, for å unngå at plagene til desse personane blir forverra.

Tilrår å unngå dyr i skule og barnehage

Dyreallergen finst overalt i samfunnet. I tillegg til bustader med kjæledyr, finn vi også dyreallergen i skular og barnehagar, og i bustader utan kjæledyr. Årsaka er at personar som har vore i kontakt med dyr, kan bringe med seg allergen.

Folkehelseinstituttet tilrår at ein ikkje tar med seg kjæledyr i skular, barnehagar, idrettshallar og andre lokale der det er mange menneske.

Ein bør vere særleg varsam med katte- og hundeutstillingar. Slike utstillingar bør berre vere tillatne i reserverte lokale som allergikarar ikkje treng bruke.

Ein bør heller ikkje tillate kjæledyr på arbeidsplassar der dyr ikkje har ein spesifikk funksjon, som for eksempel i dyrebutikkar, på veterinærkontor og i politibilar, heiter det i rapporten.

Allergi vert utløyst ved at ein person reagerer mot allergen i omgjevnadene. I inneklimasamanheng kan både allergen frå husstøvmidd og kjæledyr vere eit problem for personar med allergi. I bustader er det mest husstøvmidd  i madrassar, puter, sengetøy, stoppa barneleiker, stoppa møblar og i tepper. 

Praktiske råd

  • Personar med mykje allergi i familien er i faresona og bør unngå høge nivå av allergen i heimen. Dette gjer ein best ved å skifte sengetøy og reingjere ofte, unngå tepper på golv og lufte.
  • Reagerer ein på dyreallergen, reduserer ein eksponeringa best ved å la vere å ha dyr.

Ved å fjerne kjæledyra frå bustaden, vil ein allergikar raskt bli betre. Men i eit hus der det har vore katt og hund, finns mykje allergen i tepper, møblar og sengetøy i lang tid etterpå. Sjølv med normal reingjering av bustaden, vil det ta 12-16 veker før allergennivåa har falle under eit nivå som kan gi sjukdomsutbrot. Korthåra eller pelsfrie hundar og kattar har liten effekt på mengda allergen.

Mer om dyr og allergi