Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.

Forskningsfunn

Akrylamid i mat kan gi DNA-skadar

Publisert Oppdatert


Akrylamid er vist å føre til kreft og redusert fruktbarheit i dyreforsøk. Kjemikaliet blir nytta i industrien og har ført til effektar i nervesystemet til arbeidarar, for eksempel blant dei som deltok i bygging av Romeriks-tunnelen. Akrylamid blir også danna i matvarer som inneheld mykje stivelse (for eksempel korn og poteter) når dei blir varmebehandla ved temperaturar over 120 ºC. Dei fleste nordmenn får dermed stoffet i seg dagleg, i låge konsentrasjonar gjennom heile livet.


Har du funnet en feil?

Siri Helland Hansen.
Siri Helland Hansen.

Stipendiat Siri Helland Hansen og medarbeidarar ved Folkehelseinstituttet har funne at stoffet akrylamid kan gi visse typar DNA-skadar i cellene i kroppen. I si avhandling ”DNA damage induced by acrylamide and glycidamide in somatic and testicular cells” har Helland Hansen bekrefta at det er glysidamid – kroppen sine nedbrytingsprodukt av akrylamid – som er årsak til DNA-skadane.

Siri Helland Hansen har brukt mus og menneskeceller i sine eksperiment. Glysidamid viser seg å gi nesten like mykje DNA-skadar i testikkelceller som i andre organ. Ho fann også at kvite blodceller hos menneske får noko meir DNA-skadar enn tilsvarande celler frå mus, når dei blir utsette for glysidamid i laboratoriet.

Studia viser at glysidamid bind seg til DNA-basane guanin og adenin i både kroppsceller og mannlege kjønnsceller. Betydninga av denne typen DNA-skadar er enno ikkje avklart, men studia antydar at skadane ikkje blir fjerna raskt ved hjelp av cellene sine spesielle mekanismar for å reparere DNA.

Celler med ureparerte DNA-skadar kan via fleire mekanismar vere årsak til kreft eller redusert mannleg fruktbarheit. Akrylamid er dermed ein av fleire miljø- og livsstilsfaktorar som kan ha betydning for helsa vår.

Ho har arbeidd med den såkalla komet-metoden for å påvise at skadar blir danna i DNA, og ho har tilpassa metoden for å avdekkje kva for struktur DNA-skadane har. Samla sett gjer dette at metoden både blir meir spesifikk og får auka følsemd for å avsløre endringar som glysidamid kan føre til i DNA-basane.

Forskingsprosjektet har vore finansiert av Norges forskningsråd og EU-prosjektet ”HEATOX”.