Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Historisk arkiv: Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Nyhet

Framleis svak auke i salet av legemiddel

Samla sal av legemiddel utgjorde vel 20 milliardar kroner i 2013. Det auka med 2,6 prosent frå 2012. Nye legemiddel til førebygging av blodpropp hadde ein sterk omsetningsvekst i den same perioden. Det viser rapporten "Legemiddelforbruket i Norge 2009–2013" frå Folkehelseinstituttet.

legemidler. Colourbox.com
legemidler. Colourbox.com

Totalomsetninga av legemiddel

Grossistane selde legemiddel for 13,6 milliardar kroner i 2013. Sal av veterinære legemiddel utgjorde nesten 900 millionar av dette beløpet. Utrekna som utsalsprisar gir dette ei omsetning på vel 20 milliardar kroner. Den totale omsetninga av legemiddel målt i dosar auka med 1,7 prosent. Veksten målt i kroner og dosar er like stor som for tidlegare år.

Legemiddel som førebyggjer blodpropp

Legemiddelgruppa som mellom anna omfattar legemiddel til førebygging av blodpropp (ATC gruppe B), hadde ein omsetningsvekst på 165 millionar (19 prosent) i 2013 målt i sal frå grossistar. Dette har samanheng med at dei nye perorale antikoagulasjonsmidla blei innvilga utvida refusjon på blå resept – dabigatran eteksilat (Pradaxa®) og rivaroksaban (Xarelto®) frå januar 2013 og apixaban (Eliquis®) frå juli 2013. Dei nye midla har den fordelen at pasienten treng færre kontrollar og mindre oppfølging frå lege enn pasientar som brukar det blodfortynnande legemiddelet warfarin (Marevan®).

Billegare hjarte- og karlegemiddel

Kostnadene for hjarte- og karlegemiddel (ATC gruppe C) hadde ein nedgang på 11 prosent i 2013 frå 2012, medan det samtidig var ein auke i talet på selde dosar på to prosent. Det er eit resultat av introduksjonen av generiske legemiddel som erstattar dyrare originalprodukt ved utløp av patent.

Reduksjon i forbruket av antibiotika

Forbruket av antibiotika (ATC gruppe J01) gjekk i 2013 ned med vel fire prosent målt i dosar (DDD) i høve til 2012. Nedgangen kan ha samanheng med at forbruket var høgare i 2011 og 2012 på grunn av ein auke i talet på mykoplasmainfeksjonar. Nedgangen kan òg ha samanheng med beskjeden influensaaktivitet i 2013.

Reseptfrie legemiddel

Dei fire reseptfrie legemidla med høgast omsetning var nikotin (røykeavvenning), xylometazolin (tett nase ved forkjøling), paracetamol (smertestillande) og ibuprofen (smertestillande). Salet av desse legemidla i daglegvarebutikkar har vore svakt aukande i 2013. Meir enn halvparten av reseptfritt paracetamol blir no selde i daglegvarehandelen.

Rapporten "Legemiddelforbruket i Norge 2009-2013" omfattar alt sal av reseptpliktige og -frie legemiddel i Noreg frå grossistar til apotek, sjukehus/sjukeheimar og daglegvarehandelen i perioden 2009–2013. Han inneheld salstal for det einskilde verkestoffet.